nyhende
Fekk avslag, held fram med restaurering
Ekteparet Thor Thingbø og Asrid Elisabeth Thingbø Sundfør fekk avslag på søknaden sin om tilskot frå Vestland fylkeskommune til restaurering av krigsruin på Nesheim.
Thingbø søkte om midlar til tak over ein grunnmur og sikring av ein natursteinmur som truleg var vegger i ei offisermesse under krigen. På grunnmuren som dei no vil leggja tak over, skal det ha vore messe for dei 250-300 tyske soldatane som var stasjonerte ved kystfortet på Nesheim under andre verdskrigen.
Eigedom full av krigsminne
Ekteparet Thingbø Sundfør eig eit småbruk på 400 mål som omfattar størstedelen av det området der det tyske kystfortet blei bygt opp. På eigedommen er dei ei rekke ruinar frå den tida, mellom anna kanonstillingar og kommandobunker.
Ekteparet søkte om tilskot gjennom ei fylkeskommunal tilskotsordning som gjeld tilskot til restaurering av private kulturminne. Søknader om slike tilskot skal sendast via kommunen. Thingbø Sundfør sin søknad var den einaste frå Sveio kommune denne gongen, kunne rågjevar i kulturavdelinga, Ellen Urheim Tveit, opplysa då Vestavind først skreiv om denne saka.
– Prosjektet på Nesheim er litt utradisjonelt. Fylkeskommunen har tydelegvis valt å prioritera meir tradisjonelle restaureringsprosjekt, seier Tveit, som ikkje er særleg overraska over avslaget.
Ny søknad neste år
Tveit legg til at Sveio kommune også har ein liten budsjettpost, 30.000 kroner i 2024, til restaurering av privateigde kulturminne. Det blir for tida arbeidd med retningsliner for bruken av desse pengane, seier ho.
– Når det gjeld tak over grunnmuren og sikring av natursteinsmuren, får me berre venta å sjå. I sommar har me nok å gjera med å restaurera løa, og så tenkjer me å søkja om midlar til restaurering av våningshuset neste år, seier Thor Thingbø.
Han har merka seg det Tveit seier om at det truleg er lettare å få tilskot til tradisjonelle restaureringsprosjekt, og reknar med at det gamle bustadhuset på garden fell inn under denne kategorien. Og restaurering av bustadhuset står i alle fall på ekteparet sin plan.