nyhende

Fekk 50.000 til varmepumper

Midt i dugnadsarbeidet på Tittelsnes grendahus laurdag dukka Simon Nesse Økland frå Bremnes Seashore opp. Dugnadsgjengen tok ein kaffipause for å drøsa, og blei overraska med 50.000 kroner.

Publisert Sist oppdatert

– Me set pris på at folk engasjerer seg og driv dugnad for fellesskapet. Det er viktig for bygdene me har verksemder i, og skaper liv langs kysten. Me hadde høyrt at dei trong varmepumper, og då var det kjekt å kunna bidra til at dei kjem på plass før vinteren, seier Simon Nesse Økland.

Bremnes Seashore har to søknadsrundar i året der lag og organisasjonar kan søka om pengar til gode formål. Men akkurat denne gåva blei delt ut utanom søknadsperiodane.

– Heilt fantastisk

– Det er heilt fantastisk. Når me har hatt sykurs har me måtta fyra opp i vedomnane kvelden før for å få varme nok. Huset er stort, og det er høgt under taket, så dei to varmepumpene vil bli monterte ganske raskt. Og no slepp me å tømma kontoen heilt for å få det gjort, seier Linn Stakkestad Kvamsøy, leiar for Tittelsnes grendalag.

Tittelsnes grendahus er opprinneleg eit bedehus. Det var lite aktivitet på bedehuset, og ein sette i gong eit prosjekt for å sjå på korleis ein kunne få meir aktivitet. Etter kvart viste det seg at bedehus ikkje hadde mogelegheit til å søka på så mange midlar som eit grendahus, og dermed blei statusen på huset endra.

Basar og vinsmaking

– Det er no blitt eit fleirbrukshus med ganske mykje aktivitet. Frå basar og gudstenester til vinsmaking og sykurs. Det blir også leigd ut til ulike dagar. Folk er veldig gira på å få meir aktivitet her nord, og det er stor dugnadsånd, fortel Kvamsøy.

Då grendalaget overtok ansvaret for det gamle bedehuset, følgde det med takst og vurdring på at det var mykje som måtte gjerast.

Sponsa alt det elektriske

– Det er dyrt å driva og pussa opp eit gamalt hus. Berre straumrekninga i desember var på 5.000 kroner. Me er også veldig glade for at transportfirmaet Gustav Eidsvåg har sponsa alt det elektriske. Det har så langt kome på godt over 20.000 kroner. Me måtte hatt ein del basarar for å få den summen, seier Kvamsøy.

Laurdag fekk dei mellom anna skifta dører, begynt å mala, begynt på kledning ute og ein del andre ting. Dei er også blitt gode på gjenbruk, og har fått fatt i ting til huset både på SIM og andre stadar.

Powered by Labrador CMS