nyhende
Feirar vakker 150-åring
Nymalt kyrkje, nystelt kyrkjegard, ny hellegang, ny prolog og jubileumsbok. Alt er klart til å feira at Valestrand kyrkje er 150 år i år. Neste veke toppar feiringa seg med fleire kulturarrangement, festgudstjeneste og festmiddag.
Jubileumsboka er så fersk at den har fått med bilde frå besøket til barne- og familieminister Kjersti Toppe i september. Boka skulle eigentleg vera eit hefte, men er blitt ei svært lesverdig bok på 108 sider. Også for dei som ikkje er knytt til Valestrand eller går så ofte i kyrkja.
Ei soge om endringar er tittelen på boka, og den tek lesaren med frå før 1873 til i dag. Med lettlest og informativ tekst, og ein heil del bilder etter kvart som soga skrid fram. Boka blir gitt som jubileumsgåve til dei som er bur fast i Valestrand, og andre kan kjøpa den.
Pliktarbeid
Dugnadsarbeid har fått sin plass, og det er mange som har bidratt med tusenvis av timar til saman opp gjennom åra. Kor mange er det ingen som veit sikkert. Men det er nok fleire som jobbar frivillig i dag enn då kyrkja vart bygd. Då var det ikkje dugnad, men pliktarbeid.
Kyrkjehistoria er ført i penn av prost emeritus Gunnar Salomonsen, som var sokneprest i Valestrand 1978-1991. Sokneprest Arild Steinsland har vore redaktør.
– Det er mellom anna gjort eit stort arbeid med å finna namn og årstal til kapittelet om tilsette og soknerådsleiarar. Når ting ikkje blir skrive ned, er det ingen som hugsar det etter fem år. No har me i alle fall fått nedskrive ein del av dette for ettertida, seier Steinsland.
Einar Økland-prolog
Ein annan jobb blei å bearbeida Einar Økland sin tekst. Det er det ingen sokneprestar som har gjort før han.
– Eg spurte om Økland kunne tenka seg å skriva ein prolog til jubileet. Han sa ja med ein gong, og det kom 19 sider! Økland er ein grei kar som lar sjølv sokneprestar arbeida med tekstane hans. Resultatet fekk plass på dei fire siste sidene i boka, slik Økland ønskte det. For ingen les det som står først i boka, meiner han, fortel Steinsland.
Han er forresten soknepresten som har vore nest lengst i Valestrand, men han har lite håp om å koma øvst på lista. Olav Lauvås var heile heile 24 år i Valestrand frå 1937 til 1961.
Stor dugnadsinnsats
Steinsland møter Vestavind saman med to andre i jubileumskomiteen. Ruth G. Ø. Eriksen og Martin Haugland. Dei viser stolt rundt på ein kyrkjegard som ikkje har vore så open og velstelt på mange år, og kyrkja er skinande kvit og nymalt.
Framfor kyrkjetrappa er det lagt nye steinheller, og Haugland har vore med i dugnadsgjengen som har gjort jobben.
– Det har gått med over 200 dugnadstimar til alt stell som er gjort rundt kyrkja før jubileet. Mellom anna fjerning av ein del tre og buskar, fortel Haugland.
Den største dugnadsgjengen komitemedlemmene kjenner til, var då kyrkja blei påbygd. Arbeidet starta i 2011, og over 80 personar var ned i løpet av året det tok.
Valestrendingar og kyrkjekaffi
– Å få kjøkken og toalett, samt rom oppe, var eit stort framsteg, og har nok også bidratt til at kyrkja er blitt enno meir brukt, seier Eriksen.
Ikkje minst er kjøkkenet blitt populært til møterom og ulike mindre aktivitetar. Og det er det einaste rommet i kyrkja som er oppvarma heile året. Her blir også kyrkjekaffien kokt og kakene delt opp.
– Eg veit ikkje om nokon stader dei er så glade i kyrkjekaffi som i Valestrand. I andre kyrkjer drikk dei kaffi og går heim. Her blir dei sittande både lenge og vel, seier Steinsland.
Kulturkyrkje
I 2004 blei Valestrand kyrkje også kulturkyrkje. Opp gjennom åra har det vore mange ulike arrangement, og dette har sjølvsagt fått sin plass i jubileumsboka. Haugland hugsar spesielt godt eit av dei:
– Det var hausten 2006. Då var det Vamp-konsert og smikkfull kyrkje.
Steinsland hugsar også denne konserten godt. Både den og det som gjekk forut.
– Eg hadde nett begynt som sokneprest, og det var før dei oppdaga at eg er god til å organisera. Så eg blei sett til å vera parkeringsvakt, ler han.
Jubileumsfeiring
I neste veke startar jubileumsfeiringa 18. oktober med ein gratis kulturkveld. Der blir boka presentert, og både Gunnar Salomonsen, Arild Steinsland og Einar Økland deltek. Alie Hamberg skal spela på orgel og flygel.
20. oktober er det gratis konsert med Valestrand Mannskor, Ad Libitum og Sølvi Irene Vinnes.
– Mannskoret er 10 år og Ad Libitum 40, så dette blir ein trippel jubileumskonsert. Korkonsertar er alltid populært, og me reknar med at det kan bli full kyrkje, seier Steinsland.
Søndag 22. oktober det det festgudsteneste. Etter gudstenesta blir det festmiddag på Ørevik grendahus. Her er det både påmelding og betaling.
Deretter blir det ein liten jubileumspause til 17. november. Då står konsert med Tom Roger Aadland på programmet.