nyhende

Feirar med ny butikk

I år er det 60 år sidan Haukås bensinstasjon opna. Haukås Dekk og Fritid startar jubileumsfeiringa med ombygd butikk. Og ny dagleg leiar er på plass.

Publisert Sist oppdatert

— Då me starta opp butikken, hadde me ikkje den heilt store planen korleis den skulle vera. Då blei det til at me putta inn ting på forskjellige plassar, og så blei det berre fylt på etter kvart. Me såg at det var behov for å gjera noko, og då tenkte me at det passa å få på plass «ny» butikk til jubileumsåret, seier Thor Kinn.

No er lokalet heilt endra, og det er lett å finna det ein er på jakt etter, både for kundar og tilsette.

Nyaste butikkonsept

— Me har brukt vel 100.000 kroner på ombygginga, og har fått opp det aller nyaste butikkonseptet til Husqvarna. Inkludert Gardenia, som er ein del av Husqvarna-familien, seier Kinn.

Ein ting er ikkje komen på plass når Vestavind er innom: dekk-avdelinga. Eller rettare sagt felg-avdelinga.

— Dekk tar stor plass, og kundane treng ikkje sjå alle dekk me har. Ofte veit dei også kva dekk dei vil ha når dei kjem. Difor blir det i staden ei utstilling av felgar me kan skaffa seier, Kinn.

Ny dagleg leiar

Han har inntil nyleg vore dagleg leiar for Haukås Dekk og Fritid. Den jobben har no Tom Andre Dirdal tatt over.

— Kva stillinga skal du ha no?
— Daljert, seier Kinn og ler.
— Eller potet og vaktmeister. Eg er framleis særs aktiv i høve til Haukås Dekk og Fritid, men skal også bruka litt meir av tida mi knytt til bensinstasjonen.

Markering til hausten

Haukås Bensinstasjon, Haukås Bilverksted og Haukås Dekk og Fritid skal markera jubleumsåret på fleire måtar, og har fått laga ein felles jubileumslogo.

— Den største markeringa blir ein aktvitetsdag tidleg i haust. Me skal også ha noko for dei tilsette. 60 år er vel verdt å feira, og det er litt ekstra spesielt at me er den eldste bedriften i Sveio som framleis har same eigarfarmilie, seier Kinn.

Powered by Labrador CMS