nyhende
Feirar Friluftslivets år i Sveio
Opninga av Friluftslivets år 2025 blir laurdag markert både i Valevåg, Auklandshamn og på Bua.
«Hele Norge båler» er tema for den nasjonale opninga av Friluftslivets år. I Oslo blir det opningsarrangement ved Sognsvann der kronprins Haakon skal vera med og halda opningstalen.
Over heile landet – og i Sveio
Elles er det planlagt markeringar og bålbrenning over heile landet. Norsk Friluftsliv har registrert 300 planlagde arrangement. Den Norske Turistforening har lagt sin «Kom deg ut-dagen» til same tidspunkt og reknar med 40.000 deltakarar på sine 180 arrangement åleine.
– Då måtte me jo finna på noko i Sveio også, seier Jofrid Valen.
Sisu 4H har ein stor leirplass med gapahuk i Eivindsmarka, som ligg om lag 15 minuttars gange frå Valen kapell.
– Ein kan parkera ved kapellet. Det er grusveg fram til gapahuken. Vegen er skilta, forklarar Valen, som ønskjer både unge og gamle velkomne, både frå nærområdet og elles.
Pølser og pinnebrød
Ved gapahuken blir det sjølvsagt tent bål, og det blir servert pølser, pinnebrød og lappar. Staden er også ein fin leikeplass for barna, fortel klubbrådgjevaren.
Ho er spent på oppslutnaden, og reknar med at veret vil spela ei viktig rolle i den samanhengen. Då Vestavind snakka med Valen, kunne Yr fortelja om opphaldsver i den tida arrangementet er planlagt.
Auklandshamn og Bua
I Auklandshamn inviterer bygdelagsleiar Gerd Jorunn Christensen til markering og bålbrenning ved Nipaståvo. For å koma dit kan ein parkera ved butikklokalet i Auklandshamn og følgja oppmerka stil.
Ved den nye gapahuken i tilknyting til Loknakvedno ved Bua blir det også ei markering som Haugesund Turistforening og Barnas Turlag i Sveio står bak.
Fellesskap
Norsk Friluftsliv er ein paraplyorganisasjon for 19 friluftsorganisasjonar som står bak Friluftslivets år i samarbeid med blant andre Klima- og miljødepartementet. Målet er å inspirera fleire til å bruka turområde og gjera seg kjende med friluftsaktivitetar der den enkelte bur.
«Hele Norge båler» laurdag er berre starten. Det blir ei rekke tiltak og markeringar utover i året, mellom anna i samarbed med friluftsråda, kommunar og organisasjonar.
Norsk Friluftsliv har elles fått gjennomført ei undersøking som viser at sju av ti opplever ei kjensle av fellesskap når dei samlast rundt eit bål. Det er særleg mange i aldersgruppa 18 til 29 år som seier seg einig eller delvis einig i dette. 63 prosent av dei spurde seier dessutan at dei koplar av frå kvardagsstresset når dei samlast rundt eit bål.