nyhende
Feirar 20-årsjubileum med «Det nære»
Med 20 år som profesjonell artist, komponist og tekstforfattar slepper visesongaren Elin Furubotn sitt tiande album, «Det nære».
– Det er eit jubileumsalbum som markerer mine 20 år som profesjonell musikar, seier Elin Furubotn.
I det nye albumet tek Furubotn utgangspunkt i små situasjonar og val i kvardagen. Ho brukar eigne erfaringar og skriv om kapittel som blir avslutta, og nye som tek til. Låtane skildrar ho som ekte, nære og uperfekte.
Barndomsparadiset på Mekjeland
Musikaren fortel at ho hentar mykje inspirasjon frå Sveio, og kallar staden «mitt barndomsparadis». Ho trekker særleg fram barndomsminna med mormor og morfar på Mekjeland som viktige.
– Dei hadde eit gammalt trøorgel som me brukte mykje tid på saman, og som eg også bruker på det nye albumet, seier Furubotn.
Sveio-sporet går ogsp igjen i tekstane. I det nye albumet trekker ho fram låten «Ei jente», som handlar om mormora hennar Elisabeth Tveit, med pikenamn Halleland.
– Mormor var ei jente eit heilt liv. Ho hadde barnet i seg alltid, og var eit leikent menneske. Det er det denne låten handlar om, fortel musikaren.
Visesong i ulike retningar
Furubotn skildrar musikksjangeren i det nye albumet som visesong, som spring ut i litt ulike retningar. Ho har mellom anna med seg Bugge Wesseltoft som produsent og pianist, Frode Alnæs på gitar og Nils Økland på fele, som gir eit folkemusikalsk preg.
– Det er spanande å sjå kva slags resultat det blir når du blandar litt jazz, litt folkemusikk og litt bluesaktig gitar, seier Furubotn.
Albumet blir sleppt på ulike plattformer 6. mars, og blir framført live for første gong på Festiviteten i Haugesund fredagen veka etter.
– Blir det nokon konsert i Sveio ein gong då?
– I framtida må det jo bli. Eg held det ope, avsluttar Furubotn.