nyhende
Feira med kvernbesøk og blodkomle
Bua kultur- og friluftsbarnehage markerte Barnehagedagen 2024 med å laga og servera blodkomle. Ei av råvarene var mjøl av bygg som barna sjølve fekk vera med å mala.
– Temaet for Barnehagedagen dette året er «Plassen din» og handlar om kultur i og rundt barnehagen. Her i barnehagen har me dessutan Emil i Lønneberget som tema dette året. Det inneber mellom anna at barna får vera med på å laga mat frå grunnen av. Dei får læra kor råvarene kjem frå. Me vil gjerne også fortelja dei korleis matlaginga gjekk føre seg her omkring før i tida, seier pedagogisk leiar Kristin Robberstad.
Tjuvstarta
Barnehagedagen 2024 blei markert over heile landet tysdag. På Bua starta dei allereie måndag. Då fekk barna i dei største avdelingane og to av dei minste vera med til Lokna-kverna. Der blei dei tatt imot kvern-entusiastane Egil, Olav og Nils Lokna stilte opp som møllarar og viste korleis maling av korn gjekk føre seg i gamle dagar.
– Den restaurerte Lokna-kverna er frå midten av 1800-talet. Den erstatta ei kvern frå 1700-talet som sto lengre nede i bekken, fortel Egil Lokna, medan han passar kverna og fyller på med passelege mengder korn.
Han let også borna få kjenna på kvar sin handfull med korn, samstundes som dei fekk sjå dei store kvernsteinane sviva rundt og rundt.
– Dette er verkeleg kulturformidling i praksis, seier Roberstad, som meiner fleire barnehagar og skular burde tatt turen til Lokna-kverna.
Gapahuk
Egil Lokna er også samd i det, men seier samstundes at dei kanskje ikkje har vore flinke nok til å marknadsføra seg. Den årlege kverndagen i oktober er likevel med på å gjera kverna kjent. Nå har også eigarane planar om å setja opp ei gapahuk som kan gi ly mot vind og ver til besøkande.
– Det er ein fantastisk jobb dei tre pensjonistne Egil, Olav og Nils Lokna har gjort med å restaurera og ta vare på kverna, og også eit eldhus på Lokna, seier rådgjevar landbruk i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge.
Han var også til stades saman med barnehagebarna og seier at han og rådgjevar kultur, Ellen Urheim Tveit, er innstilte på å finna midlar til støtte for bygging av gapahuken.
– Alle ville smaka
Barna og lærarane fekk det nymalte byggmjølet med seg tilbake, og brukte det til produksjonen av blodkomler tysdag føremiddag.
– Det blei hektisk, men svært kjekt. Alle smakte på blodkomlene, og halvparten av barna likte det så godt at dei forsynte seg opp til tre gonger, seier Robberstad.