nyhende

Kortterminalar over heile landet var nede måndag etter trøbbel hos Nets. Feilen er no retta, og det vil vere normal drift om kort tid. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Kortterminalar over heile landet var nede måndag etter trøbbel hos Nets. Feilen er no retta, og det vil vere normal drift om kort tid.

Feilen med bankterminalar er retta

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Kortterminalar over heile landet var nede måndag etter trøbbel hos Nets. Feilen er no retta, og det vil vere normal drift om kort tid.

– Det tek litt tid før alt er oppe som normalt, men eg vil seie at no skal alt snart vere oppe å gå, seier Pål Andre Fredriksen, administrerande direktør i Verifone, som lagar betalingsløysingar, til VG.

– Viss du går i butikken no, skal du ha ei ganske vanleg oppleving. Alt skal vere tilbake til normalen innan ein halvtime/times tid, seier han.

Ramma opp mot 130.000 bankterminalar

Feilen vart oppdaga i 12-tida måndag. Opp mot 130.000 bankterminalar var ramma, ifølgje Fredriksen.

– Eg har jobba her i denne bransjen i 15 år, det er første gong eg opplever noko liknande. Det er klart at dette definitivt er ein feil dag å gå ned på, seier han, og siktar til 17. mai-feiringa tysdag.

«Ei pågåande hending forårsakar mislykka transaksjonar for nettransaksjonar og terminalar i Noreg. Vi undersøkjer saka», skreiv Nets på nettsidene sine.

– Ikkje angrep

Det dreier seg ikkje om eit angrep, seier presseansvarleg Peter Glüsing i Nets til Dagbladets Børsen.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka, men det er ikkje eit angrep, sa han.

Vinmonopolet og fleire butikkar melde om problem.

Butikksjef i Vinmonopolet på Oslo City, Marika Salomäki, seier at 16. mai er ein av dei største salsdagane deira i året.

– Dette er frykteleg dumt. Ikkje berre for oss, men også for alle dei andre butikkane som blir ramma. Dette er ein av dei største salsdagane våre i året, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS