nyhende
Fatland sender slakt til Trøndelag for å spare straum
Dei høge straumprisane gjer at slaktarbedrifta Fatland sender slakt til Trøndelag i staden for å foredle det i Rogaland, som har ledig kapasitet.
Både spekemat- og julesesongen nærmar seg for fullt, og Flatland sitt anlegg i Hommersåk i Rogaland har fullt opp å gjere. Men dei har likevel kapasitet til meir, skriv Stavanger Aftenblad.
Årsaka til at anlegget ikkje blir drive med full kapasitet, er straumprisane på Vestlandet.
– Før brukte vi mellom 1–2 millionar kroner i året på straum. I fjor brukte vi nesten 20 millionar. I år trur vi at vi ligg rundt 9 millionar kroner for straumen. Det er framleis historisk høgt, seier dagleg leiar Rolf Gunnar Husveg.
Sjølv om straumprisane har falle i år, er dei stadig på eit så høgt nivå at Fatland har måtta ta grep.
Alle dyra som kjem inn til Fatland Jæren på Hommersåk, blir foredla der. Men slakt som vanlegvis ville komme frå Fatlands anlegg i Oslo og Ølen, blir no heller sendt til Trøndelag enn til Hommersåk, for å spare straumpengar.
Ifølgje Fatland skulle anlegget på Oppdal – som Fatland er medeigar i – vere til for å lage spekepølse, og kanskje litt pinnekjøt. Anlegget på Hommersåk er bygd og spesialisert for å vere Fatlands hovudkvarter for pinnekjøt, fenalår og pinnebog, men no er det fabrikken i Trøndelag som køyrer maksimalt.