nyhende
Fastlegen i Førde blir pensjonist
Då Jens Aksdal tiltredde i stillinga som distriktslege i Sveio i 1977 var han ganske fersk i faget. Han fekk overlevert nøklane og blei ønskt lykke til av einaste attverande lege i Sveio som sette seg i bilen og drog.
Då var Aksdal smitt aleine, utan nokon å konferera med. No, 48 år seinare, er han klar til å gå av med pensjon fredag 31. januar, men det er ikkje heilt utan vemod.
Jens Aksdal (75) er fødd og oppvaksen i Haugesund. Far var navigasjonslærar på Sjømannsskolen og mor arbeidde som fysioterapeut på Revmatismesjukehuset.
– Eg fekk meg sommarjobb som pleieassistent på Revmatismesjukehuset då eg gjekk på vidaregåande. Reidde opp senger, serverte mat og samla inn gebiss om kveldane, humrar Aksdal.
Valde allmenn medisin og Sveio
Det var her interessa blei spora mot legeyrket, og han fann ut at dette var noko han ville prøva.
– Eg la meg i selen og jobba med skulearbeidet. Eg har stor tru på jobba jamt og trutt om ein skal få noko til. Ein god dose motivasjon er heller ikkje å forakta.
På legestudiet stod valet mellom to retningar «allmenn medisin» og «øyre-nase-hals». Aksdal valde det førstnemnde. Etter studiet var stillinga som distriktslege i Sveio ledig, den bestemte han seg for å takka ja til.
– Det var to ting. Eg hadde vore utplassert hos ein som hadde vore distriktslege i Sveio før, Skei heitte han. Det var ein fest. For det andre så tenkte eg at eg måtte vera på Haugalandet ein plass for å vera nær familie, seier Aksdal.
Sjukebesøk på dårlege vegar
Då Aksdal starta som distriktslege i 1977 bestod helsevesenet i Sveio av fem personar. Distriktslegen, sekretær, helsesøster, ei jordmor og ein i heimesjukepleia.
– Terskelen for å oppsøka lege var mykje høgare før. Det var lite fokus på forebyggande medisin og kontrollar. Om ein unge fekk feber i den tida så var det i hermeteikn «farleg» å ta den ungen med ut, hugsar Aksdal.
– Eg reiste veldig mykje på sjukebesøk, på dårlege vegar. Frå grensa til Haugesund og nordover var det stort sett grusvegar. På våren var det omtrent som å køyra i ein potetåker, med store hjulspor. Det var jo tungvint, men det var noko fagleg positivt i det også. Eg fekk mykje informasjon om korleis folk hadde det heime, korleis dei budde og om relasjonane i familien. Det er ikkje mange hus frå den tida i Sveio eg ikkje har vore i.
Dåtidas legevaktsentral
Dei siste manuelle telefonsentralane forsvann frå Noreg i 1980-åra. I Sveio låg telefonsentralen rett over distriktslegebustaden i Førde. Dei første åra med vakt både dag og natt var Aksdal mykje på farten og telefonsentralnaboen god å ha.
– Var eg på sjukebesøk på Tittelsnes så kunne det i verste fall henda at eg kom heilt tilbake til Førde før eg fekk eit nytt oppdrag rett i nærleiken av det førre. Men dei på telefonsentralen følgde jo med, visste gjerna kva for eit hus eg var i så dei sa: «Ringe me der no, så får me han te å komma innom deg på veg tilbake.» Ein slags legevaktsentral, smiler Aksdal.
– Så hende det nok at dei lytta litt på linja. Av og til, når det blei litt vel «touchy», så sa eg gjerne til pasienten at no må du ikkje seia meir for det kan henda det er nokon som høyrer på. Då høyrde du berre eit klikk, men det var greitt nok det når ein visste om det.
Frå loddbok til timeavtale
Det var ikkje timeavtalar hos legen då Jens Aksdal starta. Folk kom når dei følte dei trengte lege, gjerne med bussen.
– Det låg ei loddbok på venterommet, og den som var raskast av bussen og inn på kontoret trakk nummer ein. Dei som var sjukast og ikkje klarte å springa dei kom sist. Så satt dei heile dagen og venta på tur. Det var tydeleg veldig sosialt, fortel Aksdal.
Han var rask med å innføra timeavtalar, men då fekk han ein delegasjon av kommunestyrerepresentantar på besøk som ville diskutera avgjersla.
– Doktoren skulle ikkje bestemma kva tid dei skulle til lege, det ville dei bestemma sjølv. Dessutan gjekk dei til legen for å få vita nytt på bygda, og no var det jo nesten ikkje folk på venterommet!
Rivande utvikling
Mykje har endra seg i samfunnet og i legeyrket på dei åra Jens Aksdal har vore fastlege. Før blei alle pasientjournalane skrive for hand.
– Det som tidlegare kollegaer hadde skrive var ikkje alltid like lett å dechiffrera, så det var nok ein del som glapp der. Det tok jo mykje tid, men ein kunne alltid snakka litt sjølv om ein var opptatt med å skriva. Konsultasjonane blei lengre då og folk følte seg kanskje meir ivaretatt for dei fekk lenger tid med legen.
Førde legekontor blei ikkje heildigitale før i 2007. Då la dei vekk diktafonar og eit system dei hadde utarbeidd sjølv til fordel for datamaskin.
– Mykje skjedde med overgang til data. Då blei legane så opptatt av teknologien. Litt med korleis me satt. Med ryggen til pasienten og konsentrasjonen i skjermen. Eg var blitt så gammal i 2007 at det blei ei utfordring å læra seg, minnest Aksdal.
– Dokumentasjonskravet har eksplodert, så hadde me ikkje hatt data så hadde det vore håplaust. Alt skal dokumenterast og det blir ført tilsyn. Er ikkje alt på stell då så får du statsforvaltaren på nakken. På 80-talet kunne to legar ta seg av 4.000 menneske, i dag er det seks legar på omtrent 5.700. Så mykje sjukare er ikkje befolkninga blitt, meiner Aksdal.
Stumpa røyken
Det er mindre hjarte- og karsjukdommar no enn før i tida. Takk vera revolusjonerande medisin, betre levestandard og færre som røyker. Aksdal hugsar ei tid då det ikkje var så farleg å røyka.
– I studietida hadde me ei lesesalbrakke, og du måtte omtrent skjera deg ut for det var så tett av røyk. Eg hugsar ein gong me hadde veketeneste på psykiatrisk klinikk på Haukeland. Me satt i eit relativt lite kontor, overlegen, pasienten, tre studentar og alle røykte. Du kunne ikkje sjå gjennom rommet ein gong, humrar Aksdal.
Men etter kvart som det kom skikkelege undersøkingar så var det berre å slutta.
Vemodig
Pasientkontakten har gitt den avtroppande fastlegen mykje glede. Det var nok mykje av grunnen til at han takka nei til jobb som både helsesjef i Sandnes og helse- og sosialsjef i Haugesund.
– Eg har jo fått følga folk over tid. Dei som gjekk til svangerskapskontroll hos meg då eg begynte er jo besteforeldre og oldeforeldregenerasjonen no. No driv eg dagleg og tar farvel med folk som eg har vore lege for i 40-50 år. Ein har jo snakka med dei om så mange ting, også utanom det faglege, så dei blir jo ein slags vener, seier Aksdal.
– Det eg føler er positivt er å sleppe ansvaret ein kjenner på heile tida. I dette faget kan det få store konsekvensar om ein gjer noko feil.
Aktiv pensjonist
Jens Aksdal har mange tankar om kva han vil driva med, og ramsar opp noko av det, no som han får meir tid til å gjera nett det han vil.
– Eg har alltid likt å bruka kroppen og vil halda fram med det. Arbeida i hagen, kappa ved, setta opp eit lite drivhus kanskje. Det er ei gruppe pensjonerte menn i Førde som går tur ein gong i veka, «Gutta på retur», kanskje eg hiv meg med der. Det er veldig viktig når ein blir godt voksen å trena kondisjon, styrke og balanse. Derfor går eg på treningssenter tre gonger i veka.
Så må ein passa på å reisa mens ein er sprek. Eg har lese mest fag, men har ein heil del skjønnlitterære bøker og biografiar eg har lyst å lesa. Eg har barnebarn som framleis er små, og forutan ein son på Bali og to som studerer i Trondheim, er familien samla på Haugalandet og i Bergen.
– Med ei kone som framleis er i jobb er det vel litt «indreteneste» som må til, avsluttar Aksdal med glimt i auget.