nyhende
Fartsdumpar til Rophusvegen
Utbetring av Rophusvegen har lenge vore etterspurt av bebuarane. No lovar kommunen at ny asfalt og fartsdumpar skal koma frå sommaren av.
Det er ein av dei mindre vegane i kommunen det mogelegvis har vore skrive mest om i Vestavind.
Rophusvegen er ei trafikkåre kor skulebussar, pendlarar, skuleborn og foreldre som skal levera i barnehagen brukar dagleg.
Trongt for skulebussane
Mengda køyretøy gjer at det vert trongt i travle tidsrom, særleg for skulebussane som køyrer på ein veg som ikkje er dimensjonert for det.
Tidlegare har bebuarar etterlyst forskjellige tiltak frå kommunen, som utbetring, utviding eller trafikksikring av Rophusvegen.
I eit brev frå kommunen til velforeininga lovar dei no at det er på veg.
Før sommaren
— Det er planlagt asfaltering av vegen til Rophus før sommaren, skriv prosjekt- og byggjeleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune.
Saman med ny asfalt vil det også koma to trafikksikrande tiltak.
— Fartsdumpar kjem etter at dette arbeidet er ferdigstilt. Det skal også bli sette opp skilt, skriv Ekrheim.