nyhende

Thor Haavik var nær semifinaleplass i Farmen.
Thor Haavik var nær semifinaleplass i Farmen.

Farmen-Thor har vore sommarprest i Sveio

Også denne hausten har realityserien Farmen vore eit kjært innslag for mange. TV2-serien som starta med 14 deltakarar går mot slutten, og denne veka måtte Thor Haavik reisa heim – då han tapte kampen om semifinaleplass.

Publisert Sist oppdatert

Ein av våre lesarar meinte å dra kjensel på 26-åringen frå Loddefjord. Me høyrer med kyrkjekontoret, der me får stadfesta at Haavik var vikarprest i Sunnhordland prosti sommaren 2018. Prostiprest Svein Arne Theodorsen hugsar Haavik godt, etter vekene i teneste med i Sunnhordlandskyrkjene.

– Han gav uttrykk for at sommarprestetenesta i 2018 var eit viktig ledd i prosessen til å bli prest, minnest Theodorsen. Han har ikkje fullstendig oversikt over kva kyrkjer den unge presten var innom, men heldt i alle fall olsoksgudsteneste i Valen kapell i juli dette året.

Haavik var nyordinert prest då han dukka opp på skjermen i september, og skulle ha starta som kapellan i Salhus menighet i august. I følgje Bergen kirkelige fellesråd, fekk han disposisjon frå biskopen til å starta nokre månadar seinare for å vera med på Farmen.

Powered by Labrador CMS