nyhende
Fargerike hagefarar
Det finst fleire giftige hageplanter. Dette er nokre av vekstane småbarnsforeldre, og andre, bør vera ekstra obs på.
– Både mengda ein får i seg og giftigheita i planta avgjer om ein får forgiftingssymptom. Viss nokon et store mengder av ei svakt giftig plante kan det gi forgifting, medanei lita mengd av ei meir giftig plante ikkje alltid gir symptom, seier Helga Ruus Lorentzen, som er veterinær og seniorrådgjevar ved Giftinformasjonen hjå Folkehelseinstituttet (FHI).
Berre i fjor tok 3.262 personar kontakt med Giftinformasjonen etter akutte hendingar med planter. I underkant av 2400 av telefonane gjaldt såkalla uhellsinntak hjå barn under 10 år.
Ikkje fullstendig oversikt
Helga Ruus Lorenzen understrekar at Giftinformasjonen likevel ikkje har fullstendig oversikt over kor mange nordmenn som blir forgifta av planter. Mange ringjer rett til helsetenesta, og i desse tilfella får ikkje alltid Giftinformasjonen tilbakemelding om utfallet.
– Av tilfella vi kjenner til, er det sjeldan at små uhellsinntak med planter gir alvorlege forgiftingar hjå barn. Uhella gir kanskje litt irritasjon i slimhinnene i munnen eller milde mage- og tarm symptom, som går over av seg sjølv. For å kunne førebyggje symptom og vere merksam på kva for forgiftingssymptom som krev behandling, er det likevel viktig å vere klar over at somme planter er giftige og kan gi andre og meir alvorlege symptom, seier Helga Ruus Lorentzen til Nynorsk pressekontor.
Tre grupper
Giftinformasjonen deler dei giftige plantene inn i tre grupper: Irriterande, fototoksiske og giftige. Ifølgje Lorentzen kan dei føre til ulike typar plager og forgiftingar. Om personen har alvorlege symptom, skal du uansett og alltid ringe 113.
1. Irriterande planter inneheld safter som gir irritasjon og ubehag ved kontakt med hud eller slimhinnene i munn og svelg. Om dei same saftene blir svelgde, kan dei gje magevondt, oppkast og diaré. Blant hageplantene gjeldt det mellom anna kvitveis, tuja, iris, leddved, peon, raudhyll, tulipan og påskelilje (særleg lauken), snøbær, snøklokke, kvitveis og amaryllis. Om inntaket er lite, kan ein vanlegvis sjå an situasjonen heime etter å ha fjerna alle planterestar frå munnen og gitt drikke. Om ein får plantesaft i auga, bør ein straks skylje med lunka, rennande vatn i ein mjuk stråle.
2. Fototoksiske planter kan forårsake hudreaksjonar når plantesafta på huda blir aktivert av ultrafiolett stråling (UV). Det kan i sin tur føre til væskefylte blemmer og sår som liknar på etsesår eller brannskadar. Døme på fototoksiske planter er tromsøpalme og ulike bjørnekjeksartar. Det kan ta eit til tre døgn etter at ein har vore i sola før hudreaksjonane kjem. Etter uhell bør ein difor vaske huda godt med såpe og vatn og unngå sollys i minst to døgn. Ein bør også bruke solkrem med høg faktor eller dekke til hudområdet. Om ein får sterke hudreaksjonar, kan det vera naudsynt med legebehandling.
3. Giftige planter inneheld stoff som til dømes kan påverke hjartet og nervesystemet. Mange kan også gi mage- og tarmsymptom som kvalme, oppkast og diaré. Ettersom behandlingsråda varierer mykje for dei ulike giftige plantene, bør ein kontakte lege eller Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging.
– Uhell med desse plantane er viktig å fange opp for å førebyggje symptom, eller for å gi rask og rett behandling. Om du sjølv veit kva plante det er snakk om, kan du sjekke nettsida til Giftinformasjonen. Du kan også ringe oss. Vi er døgnopne og svarar både privatpersonar og helsepersonell ved behov, seier Helga Ruus Lorentzen.
Om uhellet er ute
- Ved symptom, ring lege/legevakt (116 117).
- Ved alvorlege symptom, skal du ringe 113.
- Giftinformasjonen (22 59 13 00) er døgnopen og svarar både privatpersonar og helsepersonell. I tilfella der det er ein giftig plante og det er fare for forgifting, gir dei råd om vidare oppfølging og behandling på legevakt eller sjukehus.
Du kan lese meir om dei ulike plantene på helsenorge.no om giftige planter og bær.