nyhende
Fargar og full fyr i ny utstilling
Ei komande utstilling av Per Olav Kobberstad og Truls Horvei lovar sterke fargar. Inspirasjonen deira kjem frå både Brasil og eigen fantasi. — Me må laga litt stemning under opninga, seier Horvei.
Dei er to kunstnarar som skal halda utstilling saman for andre gong. Men første møte mellom Per Olav Kobberstad og Truls Horvei var derimot heilt tilfeldig, og ikkje grunna kunst.
— Han pleier å jobba på SIM om sommaren. Eg traff han der for mange år sidan, og etter litt prat fekk eg sjå nokre av bileta hans, seier Horvei.
Møttest på SIM
Han var innom for å kasta boss, og innan han var ferdig hadde han fått seg eit venskap som har vorte til eit samarbeid.
Kobberstad kjem frå Fitjar, men bur og jobbar til vanleg i Oslo. Horvei held til på Stord, men er opphaveleg frå Bergen. Sjølv om dei er ulike aldrar og frå kvar sin plass, har dei lidenskapen for kunst til felles.
— Eg vart pensjonist frå Haugesunds Avis for to år sidan. Då tenkte eg at no kan eg endeleg dyrka ein hobby eg har hatt i mange år, seier Horvei.
Tidlegare i livet var 66-åringen full av draumar om å verta biletkunstnar, men det vart for krevjande saman med alt anna i livet.
— Så kom journalistikken og forfattarskapet, og då la eg det vekk, seier Horvei.
Rett før verda stengte ned i 2020 hadde han så vidt byrja igjen med måling. Og då det plutseleg ikkje var mogeleg å gå utandørs, hadde han rikeleg med tid til lidenskapen sin.
Kvar sin stil
Både Horvei og Kobberstad er kunstnarar som spelar på fleire strenger kreativt sett. Horvei er også forfattar og poet, medan Kobberstad er ein aktiv musikar samstundes som han målar.
Sistnemde skal visa fram maleri som vart laga i vinter. Då var Kobberstad i Rio de Janeiro i Brasil, og måla alt frå portrett til landskapsmåleri. Verka hans er laga med olje på lerretet, til forskjell frå Horvei som er mest glad i akryl.
— Det er nok det eg kjem til å stilla ut mest, seier han.
Då dei skulle velja eit namn til utstillinga var det fort gjort.
— Me har kalla den for «full fyr», me kunne ikkje la vera, humrar Horvei.
Den 21. mai skal dei opna utstillinga på Ryvarden, og han gler seg.
— Per skal spela nokre brasilianske tonar, og eg skal lesa nokre dikt. Me må laga litt stemning, seier han.
Ein av dei første
I om lag ein månad skal bileta deira prega lokala til kulturfyret. Og dei er han godt kjent i.
— Det er ein fantastisk stad, og eg har vore der fleire gonger. Det er så herleg at det finst ein slik stad der ein kan stilla ut kunst. Folk kjem dit for å gå tur, og så kan dei gå innom for å sjå ei utstilling eller gå på kafé, seier Horvei.
Faktisk tilhøyrer han ei eksklusiv gruppe menneske, dei som har sove på Flokehyttene før dei vart offisielt opna.
— Eg fekk prøveligga Flokehyttene for Haugesunds Avis. Då eg og kona mi var der, var det vinter og is på stiane. Om natta såg eg ut gjennom glastaket og såg Karlsvogna føre meg. Det var heilt himmelsk, seier Horvei.