nyhende

Det blir styrtregn i delar av Vestland og Rogaland torsdag til fredag. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Det blir styrtregn i delar av Vestland og Rogaland torsdag til fredag.

Farevarsel om styrtregn i Rogaland og Vestland

Publisert Sist oppdatert

NPK-NTB: Det er venta kraftige regnbyer i ytre strøk av både Rogaland og Vestland dei neste dagane, og meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

Vestland er først ut, og det kan lokalt komme opp mot 15 millimeter regn på éin time, blir det varsla.

Det er sendt ut gult farevarsel som gjeld frå torsdag ettermiddag til utpå natta.

Deretter flyttar nedbøren seg til Rogaland. Også her kan det komme opp mot 15 millimeter på ein time. Farevarselet gjeld til fredag formiddag.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS