nyhende

Både i Sveio og ein rekke stader i landet kan det komme styrtregn dei neste dagane, og meteorologane har sendt ut gult farevarsel. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Både i Sveio og ein rekke stader i landet kan det komme styrtregn dei neste dagane, og meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

Farevarsel for styrtregn

Åtvarar om mykje regn, og lyn og tore i store delar av landet. Tysdagen kan bli heftig også i Sveio.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: I både Trøndelag, Nordland, Agder, Rogaland, sør i Vestland og på Austlandet er det venta styrtregn dei neste dagane. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

Dei kraftige regnbyene er venta først i Agder og på Austlandet. Her kan det komme styrtregn frå måndag kveld til seint onsdag kveld, melder meteorologane.

For Sveio sin del ser det ut til at det er tysdag morgon og formiddag dei heftigaste regnbyene vil kunne slå inn, då i lag med lyn og tore.

Lokalt kan det komme 15–30 millimeter regn på ein time.

Det er fare for tore alle stader byene treffer.

(©NPK)

Utdrag av vêrkart for Sveio tysdag.ILLUSTRASJON: YR:NO
Powered by Labrador CMS