nyhende

– Me håpar sveibuen og andre vil nytta seg av det nye tilbodet vårt, seier Yazan Ahmad, servitør i nyetablerte Fontana.
– Me håpar sveibuen og andre vil nytta seg av det nye tilbodet vårt, seier Yazan Ahmad, servitør i nyetablerte Fontana.

Far og son satsar i Sveiogata

I det gamle «Deilig»-lokalet i Sveiogata 74, har far og son, Alexis Filippidi og Yazan Ahmad, starta opp restaurantdrift. Førebels utan alkohol.

Publisert Sist oppdatert

Den nye spisestaden Fontana opna dørane 1. april og har eit rikt utval av pizza, pasta og kebab på menyen. Innehavarane håpar også å kunna tilby gjestene sine alkoholservering.

– Me håpar å få innvilga søknaden om skjenkerett med det første, fortel Yazan Ahmad.

23-åringen kom til Noreg saman med foreldra og to søstrer for sju år sidan. Først til Karmøy, no busette i Haugesund.

– Ser lovande ut

Førebels er det berre Yazan og faren som utgjer staben i Fontana, men draumen er å auka med fleire tilsette på sikt. Mykje står og fell på om dei får mange nok gjester og om dei får skjenkeløyve. Det vil tida visa.

– Me har hatt bra med gjester fram til no, så det ser lovande ut, smiler Yazan. Sjølv har han god erfaring frå servitøryrket, blant anna frå serveringsstader på Kaien i Haugesund.

Godt førebudde

Medan me har sete og prata på uteplassen på sørsida av bygget, og sola så vidt har vist seg for oss, har far til Yazan stått på kjøkkenet og skore opp ein haug med grønsaker.

– Ein veit aldri kva tid spisegjestene dukkar opp, difor har me det meste klart på førehand. Far min har eit godt system, slik at det aldri blir noko stress, forklarar junior med eit smil.

Powered by Labrador CMS