nyhende
Får ny asfalt i slutten av oktober
Mange har venta lenge på asfalteringa av Tjernagelvegen som Vestland fylkeskommune lova i vår. No ser det ut til at vegfarande på denne strekninga får nytt asfaltdekke i førjulsgåve.
– Etter planen skal me starta på arbeidet i slutten av oktober, opplyser byggeleiar Tore Pedersen i Vedlikehald Sør til Vestavind.
Veke 43 og 44 er sett av til arbeidet. Pedersen håpar asfalteringsarbeidet på den tida ikkje skal bli forstyrra av vinterver.
Åse-Grimstveit
Det er Tjernagelvegen frå Åse til Grimstveit som skal asfalterast på nytt. Det er ei strekning på 4,4 kilometer som var med i det dekkeleggingsprogrammet som fylkeskommunen annonserte i mars.
Stilte spørsmål
På kommunestyremøtet måndag etterlyste Jarle Jacobsen (KrF) asfalteringa. Jacobsen har også sendt spørsmål om same tema til rådmannen og bede om svar på formannskapsmøtet 14. oktober.
Han seier seg nøgd med at det endeleg ser ut til å skje noko på den sterkt trafikkerte og nedslitne vegstrekninga.