nyhende
Får ikkje tilskot til veglys
Trafikktryggingsutvalet i Vestland fordelte torsdag 46,4 millionar kroner til fysiske trafikktryggleikstiltak i fylket. Sveio sin søknad om veglys blei ikkje prioritert.
Vedtaket i trafikktryggleiksutvalet var samrøystes. Sveio hadde søkt om 600.000 kroner til veglys på Rossehaug-Nordskog. Heile tiltaket er kostnadsrekna til 1,2 millionar.
-– Veglys på denne strekninga er meir eit framkosttiltak enn eit trafikksikringstiltak, heiter det i saksførelegget til trafikktryggingsutvalet.
– Må vurdera på nytt
Etter vedtaket i det fylkeskommunale trafikktryggingsutvalet seier kommunalsjef utvikling i Sveio kommune, Kenneth Tollefsen, at kommunen no må ta ein gjennomgang og avgjera kva som vidare skal skje.
– Det er jo sett av ein del pengar til trafikksikringstiltak i år, mellom anna for å finansiera kommunen sin del av veglysa på strekninga Rossehaug-Nordskog. Men det er ikkje sikkert at kommunen vil påta seg heile kostnaden med dette anlegget når me ikkje får noko tilskot. Det er behov for sikringstiltak mange stader i Sveio, også veglys, seier Tollefsen.
Mange fekk avslag
I alt måtte trafikktryggingsutvalet prioritera mellom 65 omsøkte tiltak frå 22 av dei 43 kommunane i Vestland. Samla søknadssum var på 46,4 millionar kroner. Utvalet hadde litt over 8,5 millionar kronder til fordeling.
Til samanlikning kom det inn 69 søknader frå 29 kommunar i 2023. Samla søknadssum var då 29 millionar, og trafikktryggingsutvalet hadde 15,2 millionar til fordeling.