nyhende
Får fjerna gamal steingard
Sveio kommune gir sitt samtykkje til at grunneigar Karl Lier kan fjerna restar av ein gamal steingard på garden sin på Lier.
Steingarden er på 32 meter og ligg på eit dyrka område på rundt fire dekar. Føremålet er «å avhjelpa betydelege driftsmessige ulemper».
Kommunen meiner inngrepet oppfyller kravet «… dersom det avhjelper betydelige driftsmessige ulemper» og at ulempene er av «kvalifisert art».
I grunngjevinga heiter det blant anna: «Sjølv om søkjar har godt med jordbruksareal, ser kommunen at det er gunstig å få nytta om lag 0,5 dekar på ein 4 dekar stor teig om steingarden vert teken vekk. Det vil vera ein fordel å kunna nytta inngrepsområdet til slåttemark etter inngrepet er fullført.»
Ikkje verneverdig
Vidare i sitt tilsvar påpeikar Sveio kommune blant anna på at steingarden utmerkjer seg ikkje i kulturlandskapet med utforming, utsjånad eller funksjon. Søkjar har stor drift og disponerer mykje jordbruksareal og legg ned stor innsats med å halda mykje kulturlandskap i hevd. På bakgrunn av inngrepet sin karakter og at det vil avhjelpa driftsulemper, meiner kommunen at inngrepet kan førehandsgodkjennast.
Blir ein steingard fjerna utan godkjenning frå kommunen er vilkåra for areal- og kulturlandskapstilskot brotne.