nyhende

Får ein femte vigslar på laget

Kommunen har no gjort jurist og politisk sekretær Bjarte Stølås Storli til borgarleg vigslar.

Publisert Sist oppdatert

— Eg gleder meg! Dette er noko heilt anna enn det ein tenkjer kommunen driv på med til vanleg. Ei av dei kjekkaste arbeidsoppgåvene i tida framover vert å kunna vera til stades under desse romantiske hendingane, seier Storli glad og nøgd.

Praksis sidan 2018

Før var det rettsvesenet som tok seg av borgarlege vigsler, men i januar 2018 vart ekteskapslova endra. Nye arbeidsoppgåver vart fordelte mellom stat og kommunar, og ansvaret for borgarlege vigsler vart dermed overført frå tingrett til kommune.

Sidan 2018 har rådmann Jostein Førre, rådgjevar Petter Steen, varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen og ordførar Linn Therese Erve hatt vigslemynde. Tilbodet har i kjølvatnet av lovendringane vore nokså etterspurt: Frå januar 2018 til mai 2022 har 32 borgarlege vigsler vorte gjennomførte i regi av Sveio kommune, og det er allereie ein del framtidige ektepar i Sveio som denne sumaren har søkt om borgarleg vigsle.

Varaordørar Eriksen og ordførar Erve seier dei set pris på å vera vigslarar, og at det til og med er noko av det kjekkaste dei gjer i arbeidskvardagen.

— Det er ei god oppleving å via folk og ein utruleg fin del av jobben, seier dei.

Vil vera fleksible

Somme vel å gifta seg i kommunestyresalen, andre på familiegardar. Av dei vigslene som er planlagde i Sveio for 2022, skal alle haldast utanfor kommunehuset og på laurdagar. Kommunen set seg som mål å tilpassa tidspunkt og stad for vigsle etter paret sine preferansar, i tillegg til å etterleva ein viss fleksibilitet i tilbodet: Så lenge ein vigslar er tilgjengeleg, seier kommunen ja til å utføra vigsler både utover kontortida og utanfor kommunehuset.

Gjennomføringa av vigslene fungerer slik at vigslaren les opp eit formelt formular som er fastsett av kongen i statsråd. Ein kan velja om ein vil ha formularet på nynorsk eller engelsk.

— Formularet er eit minimumskrav under vigslene. Me kan òg verta spurde om å leggja inn høgtlesing av dikt, å halda tale, musikkinnslag og liknande. Somme vel å utveksla gifteringar, andre ikkje. Prosedyren er veldig høgtidsam, og ekteparet må skriva under på ei vigslemelding, forklarer rådgjevar Steen og varaordførar Eriksen.

Steen legg til at formularet har mange likskapar med det som vert lese under kyrkjelege vigsler, og at det ligg ei formaning til grunn òg i den borgarlege versjonen av vigsleformularet.

Utvidar mannskapen

Bjarte Stølås Storli har så langt hatt ansvaret for det administrative kring vigsler, i tillegg til koordinering av tidspunkt og vigslarar.

Kommunen meiner ei delegering av vigslemynde til Storli vil styrkja fleksibiliteten i tilbodet om kommunale vigsler, då både rådmannen og ordføraren har travle timeplanar elles. Di fleire vigslarar i kommunen, di lettare vert det å møta etterspurnaden og ynska til brudepara.

«Ved å delegera vigslemynde til ytterlegare éin person, aukar ein tilgjenget på vigslarar i tilfelle med permisjon, sjukdom eller veldig høgt aktivitetsnivå hjå andre med vigslemynde. Til dømes skal rådmannen i laupet av året ut i foreldrepermisjon, noko som vil redusera talet på vigslarar til tre», heiter det i ei saksutgreiing frå kommunen.

På kommunestyremøtet den 13. juni vart det dermed avgjort at jurist og politisk sekretær Bjarte Stølås Storli òg skal få æra av å danna ektepar rundt om i Sveio.

Powered by Labrador CMS