nyhende
Får 8,5 millionar til breibandsutbygging
Det er framleis nokre tettstader i Sveio som ikkje har breidband med høg snøggleik («høyhastighetsbredbånd»). No vil Vestland fylkeskommune løyva Sveio kommune tilskotsmidlar på 8,5 millionar kroner til breibandsutbygging i dei områda som attstår.
Sidan 2013 har breibandsutbygging vore eit prioritert og pågåande prosjekt i Sveio. Kommunen har sidan den gong gjennomgått fleire søkje- og utbyggingsrundar, og merkar effekten av at det offentlege har stimulert til breibandsutbygging med dekking av fiber i nesten heile Sveio.
Desse områda attstår
Tidleg i vår inngjekk kommunen ein kontrakt om breibandsutbygging i dei attståande områda Åsbø/Kinn, Apeland/Dynjo, Flatnes og Vigdarheim. Til dette prosjektet skal Sveio kommune stilla med om lag 2 millionar kroner og fylkeskommunen med 7,1 millionar kroner.
I denne søkjerunden var det likevel ikkje nok midlar til å byggja ut breiband i dei større områda Nordskog, Grimstveit, Færås og Rossehaug i vest og Håvardsholm, Bjørga og Buvika i aust.
— Det var frykteleg vanskeleg å avgjera kva bygder som skulle prioriterast i fyrste omgang, seier ordførar Linn Therese Erve.
Men i mai i år gjekk kommunen i gang med ein ny søkjerunde, og dei har no fått eit tilskot på ytterlegare 8,5 millionar frå fylkeskommunen.
— Me er veldig nøgde med at me har fått ekstra midlar, slik at me kjem i mål med breibandsuttbygginga. Det er ei kjempeviktig satsing, seier Erve.
Mange pluss
På Nordskog er det aktiv gardsdrift, og breibandstilkopling i dette området er dermed avgjerande for næringsverksemda til bøndene.
— Dette er særs viktig infrastruktur for dei som bur i Nordskog-området og aust i Sveio, på lik line med veg, vatn og avlaup. Me har dei siste åra fått mange meldingar frå innbyggjarar som melder at breiband er ein stor trong, og me ser det difor som viktig å etablera eit godt breibandsnett, seier kommunalsjef for teknisk, Kenneth Tollefsen.
I tillegg vil det verta enklare å jobba heimanfrå, i og med at oppdatert breiband vil styrkja internett-kapasiteten og få fart på overføringa av data.
— Det vert enklare å ha heimekontor, gjera lekser heime og få tilgjenge til nye digitale tenester, seier Tollefsen.
Ordførar Erve meiner dessutan at ei satsing på breiband vil kunna medverka til at Sveio vert ein meir attraktiv stad å busetja seg på.
— Å få ein god infrastruktur på plass er naudsynt for å trekkja til oss nye innbyggjarar, seier ho.
2,8 mill. frå Sveio
Men tildeling av desse 8,5 millionane føreset at Sveio kommune sjølv spyttar inn ein solid pengesum på om lag 2,8 millionar kroner. Dette er til sjuande og sist opp til kommunestyret å avgjera, og dei kjem truleg til å handsama saka under neste kommunestyremøte i september.
Sjølv om Erve ikkje kan garantera at kommunestyret vil godkjenna løyvinga på 2,8 millionar, vonar ho at dei stiller seg positive til framlegget.
— Saka har ikkje vore oppe til handsaming, så det er ikkje gjort noko politisk vedtak heilt enno. Når det er sagt, må det tilføyast at det under tidlegare politiske samlingar har vore snakk om kor viktig det er med breibandsutbygging, seier Erve.