nyhende

Nina J. H. Matre er leiar i Sveio Næringsforum. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Nina J. H. Matre er leiar i Sveio Næringsforum.

Får 50.000 frå kommunen

Publisert Sist oppdatert

Formannskapet i Sveio har løyvd 50.000 kroner i støtte til Sveio Næringsforum.

Midlane skal brukast til innkjøp av heimesider for foreininga. Som Vestavind har skrive om tidlegare, er næringsforumet oppe og står igjen etter å ha ligge i dvale i fleire år, noko både rådmannen og politiakrane er glade for.

Kommunen er også invitert med som medlem, men både administrasjonen og politikarane er samde om at det vil vere prinsipielt feil av kommunen å takke ja til invitasjonen.

— Om dialogen mellom Sveio Næringsforum og Sveio kommune skal vera reell og fruktbar, vil det vera naturleg at det somme tider vil vera usemje mellom næringsforumet og kommunen. Ved slike høve er det viktig at Sveio Næringsforum kan stå heilt fritt til å driva påverknadsarbeid opp mot dei folkevalde for å få gjennomslag for sine synspunkt, heiter det i rådmannen sitt framlegg.

Powered by Labrador CMS