nyhende

Rådmann Jostein Førre håpar å få saka opp på kommunestyremøtet 22. april.
Rådmann Jostein Førre håpar å få saka opp på kommunestyremøtet 22. april.

Får 13 millionar frå Haugaland Kraft

Dei høge straumprisane gir rekord-utbetaling til eigarkommunane. Sveio får nesten 13 millionar kronar. Av desse er meir enn 10 millionar allereie disponerte i årets kommunebudsjett.

Publisert Sist oppdatert

Det er naturlegvis dei uvanleg høge kraftprisane som har gitt den største omsetninga i Haugaland Kraft si historie.

I 2021 hadde selskapet ein omsetnad på 3,7 milliardar kroner, noko som er heile to milliardar kroner meir enn året før. Resultatet før skatt i fjor vart 945 millionar kroner, mot 240 millionar året før.

Generalforsamlinga har vedtatt å dele ut eit utbytte på 330 millionar kroner. Dette betyr at Sveio og dei andre eigarkommunane får høgare inntekter enn vanleg. Sveio eig 3,91 prosent, noko som syt for at kommunen får eit utbytte tett på 13 millionar kroner.

Det meste er disponert

Men dei som håpar HK-overskotet skal gi rom for heilt nye satsingar i kommunen vil bli skuffa.

— Av dei 13 millionane me får frå utbytte i Haugaland Krsft, er 10,4 millionar allereie disponerte i 2022-budsjettet, opplyser rådmann Jostein Førre.

Han seier at dei resterande 2,6 millionane kjem innbyggarane til gode enten gjennom betre tenestert, eller lågare betaling for tenester.

Så langt i år har kommunestyret gjort vedtak som har gitt meirkostnadar i høve til vedtatt budsjett. Dette knytt tilbod styrka tilbod innan både fysioterapi og psykisk helse, og dei ikkje-budsjetterte 2,4 millionane kjem godt med for å finansiere mellom anna dette.

Rådmannen seier at kommunen, som følgje av dei vedvarande høge straumprisane, i kombinasjon med utbyttepolitikk i Haugaland Kraft, vil legge til grunn eit høgt utbytte frå kraftselskapet også neste år.

Haugaland Kraft sin utbyttepolitikk er basert på at utbyttet skal reknast ut frå gjennomsnittleg overskot for dei tre siste år.

8 gonger høgare

I ei pressemelding frå selskapet går det fram at dei fleste forretningsområda har hatt positiv resultatutvikling, men det er der spesielt kraftproduksjonen i Sunnhordland Kraftlag (SKL) som dreg opp resultatet. Haugaland kraft eig 60 prosent av SKL.

— Meir enn noko anna var det den høge kraftprisen som bidrog til at Haugaland Kraft-konsernet i fjor oppnådde sitt beste økonomiske resultat nokon gong, seier konsernsjef Olav Linga i ein pressemelding.

Konsernsjef Olav Linga har levert sitt siste rekneskap før han går av med pensjon. Det vart det beste i selskapet si historie.

Kraftprisen i selskapet sitt område var i snitt nesten 8 gonger høgare enn i 2020. Oppnådd pris på fritt omsetteleg kraft var 83,9 øre/kWh mot 10,7 øre/kWh i 2002, skriv selskapet.

Konsernet sitt overskot frå vasskraftproduksjonen auka frå 2 millionar i 2020 til 703 millionar i 2021.

Haugaland Kraft er også den største leverandøren av fibernett i regionen. I 2021 passerte selskapet 60.000 fiberkundar saman med våre partnarar

— Det viser at satsinga på morgondagens infrastruktur har vore eit klokt val, seier Linga.

Investeringar i straumnettet

Totalt i konsernet var det i 2021 investert for 1,1 milliardar kroner i fjor. Av dette vart 340 millionar investert i straumnettet i nettselskapet Fagne AS (tidlegare Haugaland Kraft Nett, red. merknad), sitt konsesjonsområde. Selskapet forsynet 90.000 kundar med straum.

— Fagne har i fleire år investert tungt for å kome det auka behovet for fornybar energi i møte. Nettleige-inntektene er heilt avgjerande for å ta i vare denne samfunnskritiske infrastrukturen, og bidrog i 2021 til finansiering av ei rekke viktige prosjekt, heiter det i meldinga.

Resultatet trygger arbeidsplassane til dei 500 tilsette i konsernet.

— Lønnsam drift gir også regionale ringverknadar, mellom anna i form av kjøp av lokale varar og tenester, og skatteinntekter til kommunane. Konsernet kjøpte i fjor varer og tenester gjennom lokale underleverandørar for over 600 millionar kroner. Å støtte opp om lokalt næringsliv ved å handla hima er viktig for Haugaland Kraft, som skal bidra til ein sterk og attraktiv region, heiter det i pressemeleinga.

Haugaland Kraft-konsernet er verdsett til 12 milliardar kroner.

Powered by Labrador CMS