nyhende
Fann statue i vegkanten
Dei som følgjer med på Facebooksida «Kva skjer i Sveio?» kan i dag lesa om ein statue i vegkanten. – Kona meinte ho såg noko der, så i dag sykla eg bort og sjekka, fortel Kjell Pettersen.
Det er han som har posta etterlysninga «Noen som savner denne? Funnet i grøftekant sør i Sveio. Ca 70 cm. Står på stedet den ble funnet da den er litt for stor og tung til at jeg fikk den med på sykkel…»
I nærleiken av Tveit
Det var kona som meinte ho hadde sett noko i vegkanten tysdag. Men det var ikkje godt å sjå kva det var som låg delvis skjult i graset.
– Så i dag sykla eg bort for å sjekka. Eg skreiv ikkje kvar det var på Facebook, men det er ikkje langt unna der me bur på Tveit. Etter å ha løfta den opp frå graset, tok eg bilde og posta etterlysninga. Det kan jo vera at nokon saknar den. Statuen er tung, og det ser ut som det har vore noko oppå den. Ei blomsterpotte, kanskje, seier Pettersen.
Har ikkje lagt lenge
Korleis statuen har kome dit er ikkje godt å seia, men det har ikkje lagt der lenge.
– Det kan vera at nokon har blitt lei den og slengt den frå seg. Eller at nokon har stole den og funne ut at den var for tung å dra på. Ikkje godt å seia. Eg la den i alle fall ned igjen der eg fann den. Akkurat no er eg på reise, men eg skal sjekka om den framleis ligg der når eg kjem heim i kveld, seier Pettersen.
Tips gjerne Vestavind om du veit noko om statuen.
tips@vestavind-sveio.no, eller telefon 53 74 01 80.
Ikkje den katolske kyrkja sin
I ein kommentar til innlegget blir det spurt om det kan vera statuen som blei stole frå den katolske kyrkja i Haugesund. Det er det definitivt ikkje, seier vedkommande Vestavind har sendt bilde av statuen til.
– Dette er nok ein hagestatue som er kjøpt på Hageland eller tilsvarande.