nyhende

Denne komfyren vart nyleg dumpa på Erve i Sveio. Dumping av kvitevarer og elektronikk er ulovleg og kan kosta deg dyrt. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Denne komfyren vart nyleg dumpa på Erve i Sveio. Dumping av kvitevarer og elektronikk er ulovleg og kan kosta deg dyrt.

Fann dumpa komfyr ved returpunkt: — Småfrekt.

Tidlegare denne veka vart det oppdaga ein komfyr på returpunktet for hyttekundar på Erve i Sveio. SIM ynskjer no tips om kven som står bak dumpinga.

Publisert Sist oppdatert

— Eg synest dette er ganske småfrekt, seier Arild Vik, som er driftsleiar for innsamling i SIM.

Han påpeikar at det er meiningslaust å setja ifrå seg kvitevarer ved eit returpunkt tiltenkt restavfallsposar frå hytter.

— Elektronikk og kvitevarer er heilt gratis å levera inn til miljøstasjonar og elektroforhandlarar. Difor ser eg ingen grunn til ikkje å levera varene inn att, seier Vik.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-2145', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.491524177053407, 59.54809172941236], // starting position [lng, lat] zoom: 14.181487802150386 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.490302575252997, 59.551414348713195]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

I tillegg gjev visse elektroforhandlarar pant på elektronikk og kvitevarer. Eit døme på ein slik forhandlar er Power.

— Einskilde har ikkje lært

Ifølgje driftsleiaren kan ein få kraftige bøter ved dumping av avfall. Om personen bak dumpinga har lagt ifrå seg spor, vert teken på fersk gjerning eller vert avslørt på anna vis, kan saka verta meld til politiet.

Resultatet kan verta bøter på 5000 til 10.000 kroner med pålegg om å rydda etter seg, i tillegg til eventuell erstatning til grunneigar eller den som tek seg av rotet.

— Det er heldigvis sjeldan ein ser så store ting verta dumpa, men det hender jo. Dumping av kvitevarer var eit større problem før det fanst ei returordning, men det ser framleis ut til at einskilde ikkje har lært.

— Kan du tenkja deg kva som er årsaka til at somme gjer slikt?

— Dei tenkjer vel gjerne at andre kan taka seg av problemet, og at det er lettvint å dumpa avfallet ved eit returpunkt. Det er ikkje sikkert dei tenkjer i det heile teke, svarer Vik.

Kan gå utover fleire

Ulovleg dumping kan i ytste konsekvens gjera at SIM vert nøydd til å fjerna heile returpunktet, noko som vil føra til at hyttekundar må reisa lenger for å hiva avfallet sitt.

Dersom den ansvarlege ikkje ryddar opp etter seg, må SIM leiga varebil for å ta seg av komfyren.

Han har difor ei klar oppmoding til kvar einskild:

— Folk må ta ansvar og ikkje skubba eigne problem over på andre. Dersom ein ikkje veit korleis ein skal handtera kvitevarene sine når dei er øydelagde, bør ein i utgangspunktet ikkje skaffa seg nye før ein har sjekka opp i det, understrekar Vik.

Ulovleg dumping vil dessutan kunna råka kundane på fleire måtar:

— Inntektene våre kjem frå renovasjonsgebyret frå kundane våre. At einskilde rotar, fører til sure kostnader for alle, avsluttar driftsleiar Vik.

Powered by Labrador CMS