nyhende
Fann avis frå 1932 under golvet – står både om Sveio og Hitler
Nils Kristian Haga fekk ei overrasking då dei fjerna eit gamalt golv under oppussing. Der låg sider på sider frå gamle aviser som isolasjon, og på dei stod det litt av kvart frå nært og fjernt.
– Bispevisitas i Sveio 8 – 12 mai. Soknemøte same dag i 3.30-tida i kyrkja for heile prestegjeldet, står det i Haugesunds Avis.
Datoen er 28. april og året er 1932. Andreas Fleischer har nyleg vorte ny biskop i Bjørgvin og skal gjera sin fyrste visitas i Sveio. Det får si eiga notis i avisa, saman med ein «sørgeleg revhistorie» om ein pelsdyrfarm.
Funne under oppussing
Om lag 89 år seinare skal Nils Kristian Haga og familie pussa opp eit hus på Tjernagel. Då må dei fjerna eit gamalt golv, og under der finn dei mange aviser frå 1930-talet.
– Det er både Haugesund Dagblad og Haugesunds Avis, seier Haga.
At det skulle stå noko om Sveio der synest han og kona er morosamt. Og så finn ein også ein del andre saker som er mindre hyggelege.
– Krigen begynner igjen i Manchuriet, står det i utgåva av Haugesunds Avis den 27. april 1932.
Krigen dei nemner er mellom Kina og Japan, og skal seinare verta ein del av andre verdskrig. Hovudpersonen frå andre verdskrig var også å finna blant gamle aviser.
– Skal Hitler utpeke Prøisens nye statsminister? Heiter overskrifta frå same dato si utgåve av Haugesunds Avis.
Då hadde nazi-partiet nyleg vorte størst etter valet som vart heldt tidlegare i april 1932.
Typisk isolasjon
Før i tida var ikkje isolasjonsmatter like vanleg som no, og difor nytta ein gjerne ting ein hadde for hand for å isolera. Aviser er døme på noko som kunne vere til stor nytte, noko Haga og familien fann ut då dei reiv opp det gamle golvet.
– Dei låg under golvbelegget, seier Haga.
Han trur avisene har vorte lagra ein god stund før dei vart nytta som isolasjon.
– Huset vart bygd i 1934, så avisene er frå nokre år på førehand. Han som budde i huset her var bussjåfør og køyrde fram og tilbake til Haugesund. Han fekk nok gratis kopiar av både Haugesunds Avis og Haugesund Dagblad, seier Haga.
Nokre aviser har han teke vare på, og ein del har han gjeve bort til eit historisk museum.
– Korleis er det å lesa gamle aviser om ting som krig i Manchuria og Hitler?
– Eg likar godt å lesa om krigshistorie, så det er jo interessant. Det er noko som aldri må gjenta seg, seier Haga.
MERKNAD:
I første versjon av artikkelen stod det at Haga budde på Tittelsnes, det er feil. Han bur på Tjernagel. Me ber om orsak for feilen.