nyhende

Det er gjort funn av bearbeidd rhyolitt frå yngre steinalder. Rhyolitt er eit lokalt råstoff som er funne på toppen av Siggjo på Bømlo. Rhyolitten vart mykje nytta i staden for flint som etter kvart var blitt ei mangelvare utover i steinalderen. Foto: Vestland fylkeskommune
Det er gjort funn av bearbeidd rhyolitt frå yngre steinalder. Rhyolitt er eit lokalt råstoff som er funne på toppen av Siggjo på Bømlo. Rhyolitten vart mykje nytta i staden for flint som etter kvart var blitt ei mangelvare utover i steinalderen.

Fann 41 steinalderbuplassar i samband med ny E39

Arkeologar har funne spor etter menneske 10.000 år tilbake på Tysnes der E39 skal gå mellom Stord og Os i Vestland fylke. Blant funna er busetnad frå både steinalder og jernalder.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Tysnes kommune er rik på kulturminne frå førhistorisk tid, men funn frå steinalder er det lite av. I heile kommunen finst det berre sju godt dokumenterte steinalderbuplassar.

– Det var ikkje forventa slike mengder med funn i planleggingsfasen, men resultata vil gje mykje nytt stoff til historia om Tysnes. Før den arkeologiske registreringa starta visste vi lite om kva vi ville finne. Vi stilte oss spørsmål om det låge talet på steinalderbuplassar var reelt, eller om var det fordi det ikkje hadde blitt leita så mykje som i nabokommunane lenger vest, seier arkeolog Øystein Skår i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Tysnes ligg lengre inne i fjordlandskapet enn til dømes Stord, Bømlo, Austevoll og Øygarden, som alle har mykje funn frå steinalder.

Etter nokre veker med aktiv leiting etter buplassar og aktivitetsområde, er arkeologane no oppe i 41 nypåviste steinalderbuplassar.

Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune undersøkjer og registrerer eit mykje større område enn akkurat der planlagt vegtrasé for E39 vil gå.

– Dei fleste kulturminna som blir registrerte no, blir liggande i naturen som dei er. Dei vil bidra med ny kunnskap og vere tilgjengelege for alle. Veglinja vi planlegg vil i verste fall ramme eit fåtal av dei registrerte lokalitetane. Det er Riksantikvaren som frigir slike område i alle større utbyggingar, fortel Ellen Slinde, planleggingsleiar i Statens vegvesen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS