nyhende
Færre unge i utanforskap i Sunnhordland
I juli og august månad blei det registrert høvesvis 365 og 336 heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland. For august månad utgjer dette 1,1 prosent av arbeidsstyrken i regionen.
På landsbasis var det både i juli og august 2,2 prosent av arbeidsstyrken som var heilt arbeidsledige. For Vestland fylke var andelen 1,8 prosent for begge månadane.
Sveio ligg lågare enn dette. I august var det 25 heilt ledige sveibuar. Dette utgjer 0,9 prosent av arbeidsstyrken, og er nest lågast i Sunnhordland. Berre Stord er lågare med 0,8 prosent.
Nedgang i langtidsledige
Før sommaren såg ein at det i juni månad hadde vore ein auke i andelen langtidsledige i Sunnhordland, altså personar som er registrert som heilt arbeidsledige, og som har vore dette i 26 veker eller meir. Gjennom sommaren har dette talet gått ned frå 44 prosent i juni månad til no 37 prosent for august.
Tidlegare i august kom dei årlege tala for utanforskap i arbeidslivet. Her reknar ein personar som verken er i arbeid, under høgare utdanning, mottek trygdeytingar frå Nav, er sjølvstendig næringsdrivande eller mottek alderspensjon eller AFP. Tala baserer seg på status ved utgangen av fjoråret, og er difor frå desember 2024.
– Ei sterkt prioritert gruppe
For region Sunnhordland viser tala at det har vore ei positiv utvikling når det gjeld unge i utanforskap, og andelen personar i alderen 20-29 som er i utanforskap er blitt færre enn året før. Dei siste tala viser at totalt 1.121 personar i denne aldersgruppa kan klassifiserast å vera i utanforskap, noko som er 17,3 prosent av alle personane i aldersgruppa i regionen.
Det er ein nedgang frå 18,6 prosent i 2023 og 18,9 prosent i 2022.
– Det er svært gledeleg at utanforskapen i aldersgruppa 20-29 held fram med å gå ned. Ungdom er ei sterkt prioritert gruppe i Nav, og det gir veldig positive effektar for samfunnet at flest mogeleg i denne gruppa blir inkludert i arbeidslivet. Om lag halvparten av dei det gjeld mottok oppfølging frå Nav, og me oppmodar på det sterkaste at dei som er i utanforskap og ikkje mottek oppfølging, tek kontakt med oss, seier Håvard Lægreid, leiar i Nav region Sunnhordland.
Ligg over snittet for Vestland
Tala viser samstundes at om ein ser vekk i frå dei yngste i målinga, og tek med alle i aldersgruppa 20-66 år, har andelen personar i utanforskap i Sunnhordland auka til 20,6 prosent, frå 20,1 prosent i 2023 og 19,3 prosent i 2022. Ved utgangen av 2024 utgjorde det 6.995 personar.
Det er eit stykke over det som er gjennomsnittet i Vestland fylke, der ein ligg på 18,5 prosent. For landet er gjennomsnittet på 20,5 prosent.
Også når ein samanliknar Sunnhordland med gjennomsnittet i Vestland for aldersgruppa 20-29 år, ligg regionen med sine17,3 prosent over fylket, der talet er 15,1 prosent.
– Sjølv om andelen for aldersgruppa 20-29 år går ned, går det totale talet noko opp. Dette skuldast blant anna at me i Sunnhordland har ein større del av befolkninga som mottek uføretrygd enn resten av Vestland. I tillegg er det er komen flyktningar frå Ukraina gjennom 2024. Det bidreg til at andelen i Sunnhordland aukar og ligg høgare enn snittet for Vestland. For å lukkast med å snu denne trenden, er me avhengig av tett samarbeid med næringslivet i regionen, med mål om å få inkludert enda fleire i arbeidslivet, seier Lægreid.