nyhende
Færre storfe og fleire kjæledyr skapar ubalanse i veterinærnæringa
Mange utdannar seg til å bli veterinær. Men næringsgrunnlaget deira er i endring ved at det blir færre gardsbruk med dyr og fleire kjæledyr. Det gjer at det ikkje blir nok jobb til alle. Samtidig er det eit kommunalt ansvar å sikra at alle buskapar har tilgang på dyrlege.
– Me ser at lysta til å jobba i produksjonsdyrpraksis er ganske høg blant norske veterinærstudentar. Det er ikkje ei oppfatning at dei vel det bort, seier forskar Hilde Lyby Wærp i Agri Analyse til Nynorsk pressekontor.
Men eit langvarig varsku har ljoma frå Distrikts-Noreg til avisframsidene i ei årrekke: Ein manglar dyrlegar. Saman med ein kollega har Wærp sett på veterinærdekninga i landet og skrive ein rapport som peikar på dei mest presserande utfordringane for dyrlegane.
Det manglar 40-100 veterinærar for å dekkje opp den offentlege veterinærvakta i vaktdistrikta i landet totalt sett. Også Mattilsynet og smådyrklinikkar opplever at søkarmassen går ned. Veterinærbransjen er privat organisert. Derfor er fordelinga av veterinærar i stor grad påverka av kvar det finst ein attraktiv arbeidsmarknad.
Ny situasjon
Felles for bønder og veterinærar er at dei står overfor ein ny situasjon. Forholdet mellom kor mange kattar og kyr som finst i Noreg har endra seg.
– Talet på husdyrbesetningar har blitt redusert med 40 prosent dei siste 20 til 25 åra.
Produksjonsdyra er ved betre helse og dyrevelferda har auka. Det betyr at ein treng færre veterinærbesøk per dyr, og det blir dermed lengre køyring mellom buskapane for dei som jobbar som veterinær. Rapporten finn at etterspurnaden etter veterinærtenester til produksjonsdyr har sokke med meir enn 10 prosent dei siste åra, rekna ut ifrå utgiftene bøndene.
– Samtidig har det blitt fleire smådyr som hund og katt. Ein høgare andel av dei er forsikra, og betalingsviljen per dyr og per behandling av diagnose er mykje høgare blant folk enn det var for berre nokre år sidan, fortel Wærp.
Det betyr at veterinærane må setta av meir tid til dei småe dyra no enn dei måtte i år 2000 til dømes.
Vanskeleg vaktkabal
Situasjonen gjer at fleire område blir næringssvake for veterinærar når ein skal fordela jobbane rettferdig mellom dei som er.
– Det betyr at det å få vaktkabalen på produksjonsdyr til å gå opp er krevjande. Veterinærforeningen opererer med ei anbefaling om minst fire dyrlegar på ei vaktliste. Det er mellom anna for at dei skal ha ein ok familie- og arbeidskvardag, seier Wærp.
Dess meir krevjande kan det også bli når ein skal ha dette dekningsbehovet samtidig med eit næringsgrunnlag. Det må vera eit visst antal buskapar og ei viss mengde dyr slik at alle dei fire dyrlegane på vaktlista får ei god nok løn til å leva av.
– Det er det ikkje i mange område i dag, seier Wærp.
– Smådyra dei tenar pengar på
I mange tilfelle blir det til at ein kompenserer med at nokre veterinærar tek på seg meir smådyroppdrag.
– Enkelte veterinærstudentar seier at dei elskar å jobba med produksjonsdyr, men det er smådyra dei tener pengar på. Så på ein måte sponsar smådyrpraksisen produksjonsdyrpraksisen.
– Viss dei som likar best å jobba med produksjonsdyr berre skulle gjort det, hadde dei gått konk. Så dyrlegane må dela på dei tapte inntektene det representerer å ha den produksjonsdyrvakta.
Krevjande åleine
Nyutdanna veterinærar har også mykje som dei må ta stilling til etter at dei er ferdige med studia.
– Det er ganske stor skilnad på å vera nyutdanna på ein smådyrklinikk der du veit at du har kollegaer, støtteordningar og etablerte prisar. Mens når du jobbar med produksjonsdyr, så køyrer du stort sett frå gard til gard åleine og er såkalla einmannsføretak der du står økonomisk, juridisk og fagleg ansvarleg for alt som blir gjort, seier Wærp.
Ein treng også ein passande bil og ei rekke med obligatoriske kurs.
– Totalt sett har du også kursutgifter på inntil 25.000 kroner som du som heilt nyutdanna må ta. Når du legg alle dei faktorane saman, både mentalt, fagleg og økonomisk, er det nok ein del som har følt at terskelen blir høg, og særleg om du ikkje har god kjennskap til produksjonsdyrbransjen frå før.
Kommunalt ansvar
– Etter kvart som krise på krise har blitt slått opp i media, har ein i større grad lukkast med å få opp auga for kommunen sitt ansvar for veterinærdekning. Det er forskriftsfesta og udiskutabelt. Det ein kan diskutera er kva ein reknar for tilstrekkelege veterinærtenester, men det er kommunen sitt ansvar å sørgja for at dei er der.
Og det er fleire tiltak ein kan gjera for å betra situasjonen, ifølgje Wærp. Eit eksempel er koordinering av vakter og samarbeid mellom dyrlege og kommune, eller koma med kommunale tilskot i tillegg til dei tilskota dei har krav på for å sjå til at næringsgrunnlaget er lønsamt nok til å ha eit minimumsnivå.
By og land
Rapporten til Agri Analyse viser at det ikkje er nokon særleg skilnad i tilgang på veterinærar mellom landsdelane. Og utfordringa er heller ikkje så kontrastfull mellom by og land.
– I starten blei dette omtalt som eit distriktsproblem når det gjeld produksjonsdyr. Men me ser dei same problema i veldig tettbygde og bynære strok.
– Mitt personlege inntrykk er at det er lite problem i Rogaland og Sørvestlandet. Det er den mest produksjonsdyrtette delen av landet, seier Hilde Lyby Wærp i Agri Analyse.