nyhende
Færre nordmenn opplever å ha dårleg råd
Færre nordmenn opplever å ha dårleg råd samanlikna med i fjor, melder SSB. Likevel opplever einslege og dei mellom 25-44 år i størst grad økonomiske vanskar.
Tal frå Levekårsundersøkelsen viser at 8 prosent opplever at det er vanskeleg å få endane til å møtast.
– Noko færre har dårleg råd i 2025 enn i 2024, men det er viktig å understreka at utbreiinga av økonomiske vanskar framleis er på eit høgt nivå samanlikna med det siste tiåret, seier førstekonsulent Ingrid Haugland i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ei pressemelding.
I 2025 auka inntektsnivået til hushalda, og det kan ha bidrege til at me fekk betre råd sjølv om prisar og renta framleis er høg.
– Funn frå livskvalitetsundersøkinga 2025 støttar opp under denne trenden og viser at tilfredsheita med eigen økonomi er svakt stigande i befolkninga, skriv SSB.
Betalingsproblem
Medan éin av fem manglar minst eitt materielt gode, er det lein lågare del som seier at dei har problem med å få endane til å møtast. 8 prosent seier dei opplever dette, og 7 prosent seier dei har opplevd betalingsproblem det siste året.
– Det å mangla eit materielt eller sosialt gode blir truleg påverka meir av endringar i folks økonomiske situasjon frå eitt år til eit anna, og kan vitna om at personar med sårbar økonomi er nøydde til å gjera prioriteringar i trongare tider, seier Ingrid Haugland.
SSB understrekar at den nedgåande trenden er svak og at han ikkje er utanfor den statistiske usikkerheitsmarginen.
Det er store skilnader i kven som ikkje har råd til materielle gode. Det gjeld einslege under 45 år og einslege foreldre. Einslege forsørgjarar har framleis høgast førekomst av materielle manglar i 2025, men nivået er lågare enn i 2024.
– Omtrent halvparten av einslege forsørgjarar oppgir å mangla minst eitt materielt gode, seier ho.
Barnehageplass
Når SSB ser alle barnefamiliar under eitt, både einslege forsørgjarar og par som er forsørgjarar, ser ein at det er ein nedgang i familiar med dårleg råd. Tala er slått saman av statistiske årsaker fordi andelen einslege forsørgjarar som deltok i undersøkinga, er liten.
– Nedgangen kan hengja saman med statlege tiltak for å redusera økonomiske byrder for barnefamiliar, som makspris for barnehageplass og auka i barnetrygda, skriv SSB.
Einslege er blant dei som i størst grad opplever å ikkje ha råd til materielle gode. Dette gjeld særleg dei unge. Blant einslege i alderen 25-44 år seier 41 prosent at dei ikkje har råd til minst eitt materielt gode.
Men også blant eldre einslege mellom 45-66 år er andelen høg. Her seier 36 prosent, samanlikna med andre befolkningsgrupper, at dei manglar materielle gode.
Nordmenn over 45 år som er i parforhold og ikkje bur med barn, er dei som i minst grad har materielle manglar.