For dei statlege institusjonane er nedgangen frå 53,3 til 52,1 prosent når ein samanliknar kullet teke opp i 2018 med kullet teke opp i 2020, viser rapporten.
Korona-effekt
Nedgangen blir forklart med at 2020-kullet var det første kullet som byrja på utdanninga si under koronapandemien.
– Særleg mange søkte seg til høgare utdanning desse åra på grunn av manglande alternativ, og det kan tenkjast at studentar som elles ikkje ville søkte høgare utdanning, hadde lågare motivasjon, heiter det i rapporten.
Bekymra
Leiar Kaja Ingdal Hovdenak i Norsk studentorganisasjon (NSO) er bekymra for tala. Ho meiner det er mange grunnar til at såpass få fullfører studia sine.
– Vi har ein lang veg å gå for å auke fullføringsgrada og redusere fråfallet blant oss. Slik vår økonomiske situasjon er i dag, så er vi som studentar heilt avhengige av å jobbe for å få endane til å møtast, seier ho til Khrono.
For første gong på ti år er det no færre som gjennomfører treårige bachelorgrader på normert tid. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
For første gong på ti år er det no færre som gjennomfører treårige bachelorgrader på normert tid, skriv Khrono.