nyhende
Færre døydde i personbilulukker så langt i år
I november mista to kvinner og seks menn livet på vegen. Alderen på dei omkomne varierar mellom 18 og 89 år.
Fire av dei omkomne var bilførarar, to var fotgjengarar, ein køyrde moped og ein el-sparkesykkel. Dei to omkomne fotgjengarane vart begge drepne i møte med ein tungbil. Dette er den triste statistikken av november-månaden, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.
Det er så langt 86 personar som er døydde i trafikken i Noreg i år, mot 94 på same tid i fjor. Med 8 færre drap, er det kvinnene som står for mesteparten av nedgangen, med 7 færre døde samanlikna med i fjor. Totalt har 15 kvinner og 71 menn omkomne i trafikken så langt i år. Hittil i år har det omkomme flest (31 personar) i aldersgruppa 45-64 år, medan det er 6 færre drepne i aldersgruppa 65+ år. Den same nedgangen har vi med personbilar – det har vore 9 færre ulykker med personbil i år enn i fjor.