Hadde bøndene stemt i dag, ville Senterpartiet vorte det suverent største partiet i landet, med 41 prosent av stemmene, skriv Nationen.
Framstegspartiet hadde vore det nest største bondepartiet. 8,6 prosent av bøndene seier dei ville stemt på Frp. 7,3 prosent av bøndene seier dei ville stemt på Høgre. Seks prosent ville stemt på SV.
Likevel er det eit fall for Sp. Medan meir enn 64 prosent av bøndene stemde på Senterpartiet førre stortingsval, seier nesten éin av fire av dei som stemde på Sp i 2021, at dei ikkje ville gjort det same dersom det var val i dag.
12,4 prosent av dei spurde svarer at dei ikkje ville stemt på nokon av alternativa.