nyhende
Få spørsmål om budsjettet
– Rådmannen må ha gjort ein god jobb, for det kom svært få spørsmål, seier ordførar André Mundal Haukås.
Det handlar om rådmannen sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for dei tre neste åra. Måndag orienterte rådmannen om forslag på eit utvida formannskapsmøte der gruppeleiarane for alle partia i kommunestyret var inviterte i tillegg til formannskapet sine faste medlemmer. Rådmannen presenterte også budsjettforslag for kommunestyret sist veke.
På møtet var det også høve til å stilla spørsmål, men spørjelysta var altså heller lita ifølge ordføraren. Større aktivitet blir det nok 2. desember. Då skal formannskapet realitetsbehandla budsjettforslaget før det blir lagt fram for kommunestyret 16. desember.