nyhende

Ingen kan kreve å halde fram med fasttelfon på koparnettet fram til 2025, men ein har krav på eit tilbod om ei alternativ løysing. Foto: Kari Hamre/ NPK
Ingen kan kreve å halde fram med fasttelfon på koparnettet fram til 2025, men ein har krav på eit tilbod om ei alternativ løysing.

Få rettar ved nedlegging av koparnettet

Publisert Sist oppdatert
NPK: Forbrukarar har ikkje rett til ha eit tilbod om koparlinje ut 2025, sjølv om Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt (Nkom) har pålagt Telenor å vidareføre koparnettet fram til då.

Nkom får mange spørsmål frå kundar om kva rettar dei har når Telenor legg ned koparnettet. På nettsidene sine har dei samla ein del spørsmål og svar som kan vere til nytte.

Telenor varsla i 2019 at dei ville legge ned koparnettet innan 2022, men Nkom pålå selskapet å videreføre det i en overgangsperiode fram til hausten 2025.

Mange lurer på om dette gir kundar rett til å ha tilbod om koparlinje ut 2025. Ved feil og utfall er det også mange som lurer på om Telenor har krav om å rette feil frem til 2025. Svaret på begge desse spørsmåla er nei.

Telenor pliktar å levere tilgang til offentleg telefonteneste til alle innbyggarar og bedrifter i Noreg. Det er ikkje leveringsplikt på breiband, heller ikkje på telefonitenester til fritidsbustader.

Telenor kan velje kva teknologi som skal brukast for å levere telefonitenesta. Det kan vere fasttelefoni/breibandstelefoni levert over kopar eller fiber, eller ei telefonteneste med mobil teknologi. I unntakstilfeller kan også satellitt vere eit alternativ.

Alle husstandar som er omfatta av leveringsplikta og har fasttelefoni/breibandstelefoni over koparlinja, skal få tilbod om ei alternativ løysing dersom dei mistar tenesta på grunn av koparutfasinga.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS