nyhende

Vil du vera med på Sommarles? Følg med på nettstaden til lesekampanjen.
Vil du vera med på Sommarles? Følg med på nettstaden til lesekampanjen.

Få dagar igjen til Sommarles startar

Publisert Sist oppdatert

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1.-7. klassingar i Sveio vera med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, i fjor var det 256 deltakarar med frå Sveio, i snitt las kvart barn 15 bøker. I år som i fjor, registrerer ein det ein les, ein får digitale trofé i appen, og etter kvart kan ungane henta ut fine premiar på biblioteket.

Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

Sjølv om biblioteket har delvis sommarstengt kan du likevel lesa bøker og registrera dei digitalt, opplyser biblioteksjef Ellen Stople.

Powered by Labrador CMS