nyhende

Eventyrlege lange istappar

Publisert Sist oppdatert

Mange stader har rennande vatn dei siste dagane blitt forvandla til vinterlege meisterverk, som her i eitt brattheng ved Ålfjordvegen på Tveit.

I desse dagar er berget glasert med is i alle slags former og fasongar, og spesielt imponerande er dei lange istappane.

Men det er grunn til å passa litt på då istappar som kjent er sylkvasse – å få noko slikt i hovudet kan vera direkte farleg.

Powered by Labrador CMS