nyhende
Etterslep på fylkesvegane har prislapp på 100 milliardar kroner
Ei kartlegging fylkeskommunane har bidrege til viser at kostnadane for å dekka etterslepet i vedlikehald på fylkesvegar har dobla seg over ein tiårsperiode. — Regjeringa må bidra slik at me får trygge og meir framkommelege fylkesvegar, seier Siv Henriette Jacobsen, leiar av fylkesordførarkollegiet.
– Me er bekymra for manglande tryggleik og framkommelegheit på fylkesvegane, seier Siv Henriette Jacobsen.
I eit brev underskrive av øverste politisk leiing i alle fylkeskommunar ber kollegiet regjeringa å prioritera fylkesvegnettet i statsbudsjettet for 2024.
Statens vegvesen har på oppdrag fra Samferdselsdepartementet kartlagt vedlikehaldetterslepet på fylkesvegnettet i samarbeid med fylkeskommunane. Kartlegginga viser at vedlikehaldetterslepet per 2022 har ein prislapp på mellom 86 og 93 milliardar kroner. Den endelege rapporten skal overleverast 1. oktober.
– I tillegg har Møre og Romsdal og Rogaland fylkeskommunar bidrege med eigne berekningar, som er basert på av vurdering av den faktiske tilstanden på vegane. I deira eigne rapportar bereknast etterslepet til langt høgare enn det Statens vegvesen kjem fram til, seier Jacobsen.
9 av 10 ulykker skjer på fylkesveg
Manglande vedlikehald på fylkesvegane er medverkande årsak til risikoen for å verte drepen eller hardt skada er nesten 90 prosent høgare enn på riksvegane.
– Me er skremde over den negative utviklinga, og alle ulukkene i sommar. Fylkeskommunane jobbar målretta med trafikktryggleik, men vedlikehald er også avgjerande for trafikksikre køyreforhold, seier Jacobsen.
Nedprioritering over tid
Etter at fylkeskommunane fikk eit vesentleg auka vegansvar i 2010, har dei brukt noko meir midlar på fylkesvegane enn dei har fått tilført frå staten. Samstundes har staten prioritert riksveg over fylkesveg. For kvar krone som går til fylkesveg går 1,6 kroner til riksveg. Denne differansen fører til ein aukande skilnad i etterslep på riks- og fylkesvegnettet.
– Denne nedprioriteringa over tid har bidrege til at det har bygga seg opp eit etterslep på vedlikehald på fylkesvegane, seier Jacobsen