nyhende
Fullt hus under møtet om ny E39 i Førde:
Etterlyste fleire og lengre tunnelar
– Kvifor vil ikkje Statens vegvesen satsa på fleire og lengre tunnelar mellom Lier og Bømlafjordtunnelen og dermed spara både hus og næringsareal?
Vegplanleggarane, med planleggingsleiar Henry Damman i spissen, blei utfordra på dette spørsmålet frå fleire hald under folkemøtet om nye E39 i Førde samfunnshus onsdag.
Ei av utfordrarane var Vibeke Mølmer Knudsen. Saman med sambuaren Vidar Stokkenes har ho mjølkeproduksjon på to bruk ved Vihovdevegen. I dag har dei 20 mjølkekyr. Dei har planar om nytt fjøs til 15 millionar kroner, slik at dei kan auka talet på kyr til 35.
Planane har kome så langt at dei har fått innvilga tilskot. Byggesøknaden til kommunen er utsett eitt år, mellom anna fordi dei nettopp har kjøpt nabobruket.
Vil mista viktig beiteareal
– Me er dessutan avventande i forhold til Vegvesenet sine planar. Med det utbyggingsalternativet dei no har gått inn for, vil me mista verdfull beitemark som me vil vera avhengig av. Vårt forslag er å legga vegtraséen gjennom eit utmarksområde lenger aust og delvis gjennom ein dobbelt så lang tunnel som den Statens vegvesen har foreslått gjennom Husafjellet, seier Knudsen til Vestavind.
På ei eiga facebook-gruppe har ho teikna inn sitt forslag på eitt av vegvesenet sine kart. Ho meiner alle i lokalmiljøet støttar dett forslaget, som også vil spara tre eller fire hus frå Ulveraker og nordover som må rivast dersom planleggingsgruppa sitt forslag går gjennom.
Knudsen er også bekymra for at Vihovdevegen er foreslått som ny lokal trafikkåre. Det vil vera til stor hinder i gardsdrifta meiner ho.
– Ja, me styrer unna tunnelar
Thomas Førde etterlyste også ei forklaring på at vegvesenet synest å styra unna tunnelar så sant dette er mogleg. Han uttalte seg først og fremst som representant for ei veggruppe i Førde bygdelag. Som grunneigar er Førde dessutan berørt av vegvesenet sitt tilrådde alternativ ved at store delar av skogen hans vil bli omfatta av den planlagde vegtraséen.
– Ja, me styrer unna tunnelar så sant me kan på grunn av kostnadene, var planleggingsleiar Henry Damman sitt svar til begge utfordrarane.
Oppfordringa hans til bøndene var å retta blikket mot det dei kan vinna i staden for det dei kan tapa i samband med vegbygginga.
– Det er viktig at de kjem tidleg på banen når det gjeld samarbeid om plassering av rigg- og anleggsområde. Ofte blir desse områda tilbakeførte som jordbruksareal når vegen er ferdig bygd, sa han mellom anna.
Vil koma tilbake til lokaltrafikk
Når det gjeld tilrettelegging av vegar for lokaltrafikk sa han at dette er spørsmål dei vil koma tilbake til når reguleringsplanen skal utarbeidast. Det same gjeld mellom anna viltovergangar og over- eller undergangar for å gi tilgang til landbruksareal.
Til innspelet frå Førde viste han til at det allereie er avtalt eit møte mellom bygdelaget si veggruppe og vegvesenet si planleggingsgruppe.
Mesteparten av det tre timar lange informasjonsmøtet brukte Damman og medarbeidarane hans til å presentera heile planen om ny firefelts motorveg mellom Bokn og Bømlafjordtunnelen. Her blei også valet av alternativ grunngitt.
Fekk opp temperaturen
Damman understreka også verdien av ein demokratisk prosess.
På direkte spørsmål frå ordførar André Mundal Haukås om kva handlingsrom kommunen eigentleg har, måtte han medgi at handlingsrommet ikkje er særleg stort.
– Dette kallar eg ei skinnhøyring. Har me då ingenting å koma med, spurde Martin Haugland, samstundes som han oppmoda grunneigarane til å vurdera alle skjønn og anka om dei ikkje er nøgde.
Kanskje var det på dette punktet debatten nådde sin høgaste temperatur. Damman avviste blankt at prosessen ikkje var demokratisk.
– Fleire eksempel frå Sveio stadfestar dette. Både valet av trasé aust for Lierfjellet og løysinga for Middagshaugen i nord er resultat av lokale innspel. Og i 95 prosent av sakene som gjeld erstatning blir Statens vegvesen og grunneigarane samde, sa Damman mellom anna.
Kva med ny Bømlafjord-tunnel?
Eit spørsmål som ikkje blei tatt opp under debatten, men som Vestavind utfordra vegplanleggar Eivind Kvarekvål på før møtet, var kva som vil skje med den nordlegaste delen av planen dersom det blir vedtatt å byggja ny Bømlafjordtunnel med påslag så langt sør som ved Hope.
– Risikerer de då å koma i same situasjon som Stad skipstunnel ved at de endar med å innløysa eigedommar som de ikkje har bruk for?
– Først var meininga å planleggja fram til Hope, men etter kvart såg me at planen då ikkje vil gå opp om det ikkje blir vedtatt å gjera noko med Bømlafjordtunnelen eller å bygga eit nytt parallelt løp med dagens tunnel. Dermed blei vår plan utvida fram til dagens Bømlafjord-tunnel. Men det inneber inga byggeplikt. Når det gjeld innløysing av eigedommar, vil det først vera aktuelt etter at det ligg føre ein godkjent reguleringsplan. Innan den tid vil det truleg vera klart kva som skal skje med Bømlafjordtunnelen, seier Kvarekvål.
I mellomtida vil dei aktuelle areala vera bandlagde.
Nøgd med oppslutninga
Nærare 200 tilhøyrarar fylgde det tre timar lange informasjonsmøtet i Førde. Planleggingsleiar Henry Damman er godt nøgd med frammøtet, og også med tilhøyrarane sitt engasjement.
– Spørsmåla var omtrent som venta. Det er ikkje til å undrast over at folk er urolege og har mange spørsmål, seier Damman til Vestavind.
Både han og teamet hans oppmoda gong på gong tilhøyrarane om senda inn høyringsuttaler innan høyringsfristen 23. mars.