nyhende
Etterlyser fleire innspel
– Kva system for medverknad i planprosessane har Sveio kommune? spør kommunestyrerepresentant Arne Valen (Sp).
Han stiller spørsmålet i ein interpellasjon som han ønskjer svar på når kommunestyret samlast måndag.
– Bakgrunnen er at det kjem få eller ingen høyringssvar frå privatpersonar og frivillige organisasjonar på fleire temalplanar, skriv Valen.
Han er særleg opptatt av å høyra barn og unge sine meiningar, for eksempel om kommunedelplan for forebyggande arbeid i Sveio kommune.
– Det er, slik eg ser det, ikkje tilstrekkeleg med informasjon på kommunen si heimeside og annonse i Vestavind. Fysiske møteplassar tidleg i prosessane vil vera viktig, skriv interpellanten.