nyhende
Etterlatne fortøyningar fjerna
Fortøyningane som blei etterlatne då eit oppdrettsanlegg sør for Midtvikøy blei avvikla for ti-elleve år sidan, skal no vera fjerna.
Det viser ein inspeksjonsrapport som Fiskeridirektoratet mottok måndag, fortel senior kommunikasjonsrådgjevar Vegard Oen Hatten i direktoratet til Vestavind.
Gjenstår å fjerna boltar
– Me har vore i kontakt med oppdrettar Bremnes Seashore heilt sidan me fekk melding om denne saka frå Sveio kommune i november i fjor, opplyser Hatten i ein e-post.
– Det som står igjen no er å fjerna nokre boltar, men desse skal ikkje vera til hinder for fiskeri eller annan aktivitet. Me vil lukka saka hos oss når boltane er fjerna, skriv Hatten vidare.
Det er gitt tilbakemelding til Sveio kommune, som også har gitt melding om at saka blir avslutta frå deira side.
Nøgd med oppfølginga
Det var fritidsfiskaren Kåre Idar Høyland som først tok denne saka opp med Sveio kommune. I ein e-post datert 30. oktober i fjor fortalte han at dei etterlatne fortøyningsrestane etter oppdrettsanlegget gjennom åra har påført fiskarar store tap. Mange lenker med krepseteiner og annan reiskap har sett seg fast i fortøyningane og gått tapt.
I tillegg til kostnadene for dei som fiskar, påpeikte Høyland at dette også har medført eit miljøproblem. Teinene har fungert som såkalla spøkelsesteiner.
– Dette er kjempebra, seier Høyland når han no får høyra tilbakemeldinga frå Fiskeridirektoratet.
Han er godt nøgd med oppfølginga både frå kommunen og direktoratet si side.