nyhende
Eskalerte frå helseoppdrag til drapsforsøk
Politiadvokat ansvarleg for etterforskinga av drapsforsøket på Lyngholm seier det byrja som eit helseoppdrag. — Det utvikla seg til ei valdshending mot ein polititenestemann, seier Svein Håland ved Agder Politidistrikt.
Torsdag føremiddag byrja politiet å svara på spørsmål om drapsforsøket på Lyngholm i påska.
Politiadvokat Svein Håland fortel at det heile byrja som noko anna.
— Det kom ei melding til politiet etter klokka 19.00 på kvelden påskeaftan, kor politiet vart tilkalla til eit helseoppdrag. Det eskalerte og utvikla seg til ei valdshending mot ein polititenestemann, seier Håland.
Han fortel at det var tre patruljer til stades under hendinga, som utspela seg på Lyngholm kai.
Håland ynskjer ikkje å gå nærare inn på korleis situasjonen utvikla seg.
— Dette er detaljar som er ein ganske sentral del av etterforskinga, så det kan eg ikkje kommentera, seier han.
Ifølgje Håland er det ikkje noko som tyder på at den sikta mannen og politimannen har noko relasjon frå før.
Agder politidistrikt ynskjer ikkje å gå nærare inn på detaljar om gjerningspersonen, men stadfestar at det er ein mann i 30-åra som er norsk statsborgar.
Prega
Tenestemannen vart angripe med eit stikkvåpen ofte kjent som machete. Den traff tenestemannen sin lettvest på brystkassa, og skada han ikkje fysisk.
— Han er i fysisk god tilstand, men er prega og påverka av hendinga, seier Håland.
— Kva var omfanget av skadar på vesten?
— Det skal gjerast undersøkingar av utstyret til tenestemannen og alt som har betydning for saka, så det kan eg ikkje kommentera enno, svarar han.
— Kva bevis har dykk i etterforskinga?
— Me har foretatt sikring av fysiske bevis, teke bilete og video på staden, avhøyrt vitner og teke blodprøver av sikta, samt bilete av dei involverte personane, seier Håland.
Rusa
Advokaten til den sikta mannen, Odd Rune Torstrup, seier at han skal ha vore rusa under avhøyret etterpå. Håland og Agder politidistrikt ynskjer ikkje å kommentera om den sikta mannen var rusa eller ikkje.
— Om eller kva grad han var rusa er noko etterforskinga vil visa, seier Håland.
— Både advokat og vitne seier det var rus involvert?
— Det er teke blodprøve og den er ikkje komen i retur enno, svarar han.
Politiadvokaten vil ikkje kommentera rulleblad eller historikk til den sikta mannen, då det er ein relevant del av saka. Mannen er no lauslaten frå varetekt.
— Kva er neste steg for politiet?
— Me skal føreta nye avhøyr i saka, nye analysar og tekniske undersøkingar, seier han.