nyhende
Erna Solberg: Vi er for få nordmenn
– Den verkeleg store utfordringa neste år er to trendar som møter kvarandre: Næringslivet som manglar arbeidskraft, samtidig som det finst mange folk som treng ein jobb, seier Solberg til NTB.
Ho har stilt opp til juleintervju, men vil helst snakke om kva Høgre skal utfordre regjeringa på til neste år.
– Det aller viktigaste for oss neste år er å spleise dei ledige jobbane med dei som ikkje har jobb, og finne ut korleis vi gir arbeidsledige den kompetansen dei treng, seier Solberg.
Ei av løysingane meiner ho ligg hos bedriftene sjølv.
– Arbeidsgivarane må vere innforståtte med at det ikkje nødvendigvis står ein nyutdanna 22-åring eller 19-åring med fagbrev og bankar på døra. Dei må kanskje investere i folk, sånn at dei får utdanning medan dei jobbar, seier den tidlegare statsministeren.
Travel jul
NTB blir med Solberg på ein liten runde på julemarknaden på Karl Johan for å ta nokre bilete. Det har vorte knapt med tid til julegåvehandel.
– Det har vore travelt nok, sjølv om eg ikkje er statsminister. Og så har eg vore i karantene, seier Solberg, som fekk smitte inn i heimen via ektemannen Sindre Finnes i førjulstida.
Ho kjøper både brende mandlar og ullsoler.
På julemarknaden blomstrar handelen, og pengane ser ut til å sitje laust. Koronapandemien har ramma ulikt. Medan nokre bransjar permitterer, slit andre med å få tilsett nok folk.
– Det er det vi så tidlegare i pandemien. Dei som har vore ledige, har ikkje den kompetansen som trengst for dei jobbane vi har. Det blir kjempeviktig å jobbe med utdanningssystemet vårt, seier Solberg.
– For få nordmenn
Medlemsundersøkinga til NHO frå desember viser at rundt halvparten av 2.200 bedrifter seier at dei manglar kvalifisert arbeidskraft, trass i koronatiltak.
– Det er for få nordmenn i forhold til alle jobbane som skal gjerast framover. Vi må rett og slett vere tydelegare på kvar vi bruker arbeidskrafta, og så må vi sørgje for kompetansepåfyll, seier den tidlegare statsministeren.
– De styrte i åtte år, og no viser det seg at norske bedrifter slit med å finne den rette kompetansen når dei skal tilsetje. Kva gjorde de feil?
– Vi har gjort masse på dette allereie, men det finst ingen «quick fix», og det må gjerast endå meir. Og så har det vore periodar med mangel på jobbar. Men dette er ein konsekvens av at det no går godt, seier Solberg.
– Først og fremst er jo dette ein gyllen sjanse til å få dei som står utanfor arbeidslivet, og som kan jobbe, inn igjen i arbeidslivet. Men vi må vere innstilte på at vi skal omskolere oss.
Opposisjon
Sjølv har Solberg omskolert seg inn i opposisjon på Stortinget igjen etter valnederlaget i haust.
– Det er både små og store ting som tek tid når du både skal skifte jobb, få ny e-postadresse og nye datasystem og alt mogleg sånt, seier ho.
– Kva synest du om jobben Jonas Gahr Støre gjer som din etterfølgjar?
– Eg er usamd i politikken hans på nokre viktige område. Eg er usamd i nedvurderinga hans av kunnskap og kompetanse til dømes, seier Solberg.
Ho viser mellom anna til grepet til regjeringa på skulefeltet.
– Dei tinga dei gjer på skule med å ta vekk naturfagtime, ta vekk lærarspesialistordninga og senke krava inn på lærarutdanninga. Det er feil retning.
– Saknar deg
Ute på julemarknaden ser det ut til å vere fleire som vil ha Solberg tilbake som statsminister.
– Vi saknar deg, seier ei forbipasserande dame.
– Du er den beste statsministeren, seier ein annan.
Solberg held fast ved at ho vil tilbake på statsministerkontoret om fire år.
– Det er planen min. Fire år er lang tid i norsk politikk, men det er jo planen min akkurat no. Så skal eg svare valkomiteen til Høgre etter kvart.
(©NPK)