nyhende

– Er vel eit godt teikn at me ikkje har funne så mykje

Njord Dykkarklubb og niandeklassane ved Sveio skule har fjerna boss langs fjord og kyst. Me var med når dei rydda i Førdespollen og fekk høyra kva nokre ungdomar tenkjer om miljø og natur.

Publisert Sist oppdatert

Fordelt på dei tre båtane «Papen», «Mammo» og «Ribben» gjekk klasse 9A til sjøs onsdag 5. juni. Heldigvis fekk ungdomane ei svært viktig avklaring før dei for av stad.

– Sekkar må liggja igjen, men de kan ha med mobilane på eige ansvar, understreka lærar Jan Erik Vatland.

Før avreise hadde fleire gutar samla seg ved kanten av kaien for å sleppa stein ned i vatnet. Snart var det tid for å gjera det motsette, nemleg å henta ting opp.

– Dette er den fjerde dagen i år me gjer dette, seier initiativtakar og leiar i Njord Dykkarklubb, Lars Einar Hollund.

Havna i sjøen

Tre av dagane har gått til rydding i Sveio, og ein av dei til Haugesund. Kapteinen på «Mammo», Vibeke Enerstvedt, hadde eit lite uhell før ho køyrde av stad. Då ho skulle bøya seg ned for å plukka noko opp frå båten ramla ein walkie-talkie ut av brystlomma og ned i sjøen. Kaptein på «Ribben», Jan Vikse, kjem med ein løysingsorientert spøk.

– Flaks me har dykkarar me oss, smiler han.

– Den hentar me til slutt, seier Enerstvedt.

Gutane på «Papen»

Vestavind vert plassert hjå «Papen» i lag med Lars Einar Hollund, lærar Jan Erik Vatland og dei sju gutane Mathias, Leonard, Liam, Mikkel, Kevin, Ludvig og Jonas. Saman skal me finna boss til sjøs som har drive i land, før dei skal grilla pølser. Ludvig gler seg allereie.

– Eg er svolten, seier han.

Eit stykke ut i Førdespollen ligg ei øy kor Mathias hoppar i land med tauet. Han vert også den som gjer dagens første fangst, ei plasttønne, noko tau, meir plastbiter og ei slire av plast. Gutane plukkar og leitar i strandkanten og buskane før dei blir delt i to grupper. Hollund tek med seg Mathias, Kevin, Ludvig og Jonas til eit idyllisk sund.

– No skal me leita litt meir her i strandsona, seier Hollund.

– Er dette ei strandsone, spør Kevin og viser til at det berre er stein og ikkje sand nokon stad.

– Ja, ifølgje kommuneplanen i alle fall, så er dette ein strandsone, humrar Hollund.

Mykje forureining i Karmsundet

Mathias finn ein tråd med plast, men elles var det lite her. Me dreg vidare og gutane får litt tid til å preika i båten, mellom anna om det ideelle vêret å spela fotball i.

– Eg vil seia det er om lag 16 gradar og regn, seier Kevin.

– Då seier eg 17,5 gradar og småregn, kontrar Ludvig.

Undervegs får me høyra meir omfanget av ryddeaksjonen.

– Det er faktisk første gong me er i Førde for å rydda. Me var i Valestrand tidlegare og lengre ute ved inngangen til fjorden dei andre dagane, fortel Hollund.

– Kva område står att i Sveio?

– Til dømes Bua, og så heile sida langs Ålfjorden, svarar han.

– Kor kjem bosset me finn i dag frå?

– Ikkje godt å seia. Det kjem rekande så kan jo vera nært. Då me rydda i Karmsundet torsdag førre fann me uendelig mykje meir enn her. Det er ei «sanning» at nesten alt boss i sjøen kjem frå oppdrettsnæringa, men det er jo meir næring i Sveio enn Haugesund og likevel mindre boss. Så det er nok ei sanning med modifikasjonar, seier han.

– Det er berre regn

På spørsmål om kor mykje dei har funne har han ikkje svar. Denne gongen har dei ikkje ført oversikt. Basert på tidlegare aksjonar er det veldig mykje. Hollund har tidlegare understreka at det dei hentar opp er det dei kan finna, og ikkje nødvendigvis alt boss som ligg i sjøen.

– Gjer dykk klare, seier kapteinen til gutane.

Gutane sit i båten med fleire store bossposar mellom seg, dei fleste med mykje oppi. Ei heilt nydeleg vik opnar seg føre augen våre samstundes som himmelen gjer det same.

– Kom igjen, det er berre regn, seier lærar Vatland medan han forsøkjer å gjeta bort nokre gutar som har søkt ly under eit berg.

Ikkje så veldig opptekne av miljø

Dei kjem attende eit kvarter seinare med meir boss og ein lang slange av hardplast. Liam og Mikkel tek den om bord.

– Det kjennest godt å redda planeten, humrar Mikkel.

Ludvig får æra av å saga slangen i to sidan den ikkje passar i båten. Båten er på veg tilbake mot hamna, og me får snakka litt med ryddarane.

– Er de oppteken av klima og miljø?

– Ikkje så veldig, seier ein av dei.

– Nei, i grunn ikkje, legg ein til.

Ludvig nyanserer problemstillinga slik mange av gutane ser det.

– Ja, det er bra me er her og ryddar vekk boss. Men samstundes gjer me det jo med ein bensindrive båt som forureinar sjøen, seier han.

– Gøy å rydda

Dei kjenner seg ikkje igjen i beskrivinga at dei er «generasjon Greta», etter klimaaktivisten Greta Thunberg. Lærar Vatland påpeiker at dette er berre ein av tre båtar, og godt mogeleg ein får andre svar frå dei andre.

– Det var gøy å rydda, seier ei jente til Vestavind etter dei har kome i land, og er på veg til grillinga.

– Kva fann de?

– Mest ting som låg under jorda, mykje plast og flasker, seier ho.

Kaptein på «Ribben» summerer dagens fangst godt.

– Me fann ikkje så veldig masse i dag, men det er vel eit godt teikn at me ikkje har funne så mykje, seier Jan Vikse.

Powered by Labrador CMS