nyhende

Aslaug Hansen, Åshild Danielsen (aktivitetskoordinator), Kåre Tveit og Haldis Lillebakken såg fram til å eta middag på kulturfyret i fjor.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Aslaug Hansen, Åshild Danielsen (aktivitetskoordinator), Kåre Tveit og Haldis Lillebakken såg fram til å eta middag på kulturfyret i fjor.

Er du over 65 år? Då vil kommunen spandere middag på deg.

For andre år på rad spanderer Sveio kommune ein middag «på byen» på sine seniorar. Men det er avgrensa tal på plassar. Påmeldinga opnar 3. oktober.

Publisert Sist oppdatert
RETTING: Vi kom ved første publisering av denne saka i skade for å skrive at påmeldinga til arrangementa var i gang. Det er feil. Påmeldinga opnar 3. oktober.
Det var i kjølvatnet av koronapandemien at tiltaket vart sett i gang som eit sosialt tilbod til eldre i fjor.

Ryvarden, Kaien eller Fontana

Det vart ein umiddelbar suksess, og som Vestavind har skrive tidlegare blir dette gjenteke i haust. I år er tilbodet dessuten utvida i høve til kor ein kan gå og spise, då også Fontana i Sveio er kome med i tillegg til Ryvarden Kulturfyr og Kaien i Førde.

Og no er datoaene klare:

  • Ryvarden kulturfyr: 18 og 19. oktober.
  • Fontana i Sveio: 19. og 20. oktober. middag med dessert.
  • Kaien i Førde: 21. oktober

Førstemann til mølla

Det er 250 plasser fordelt på dei tre spisestadane. Dei blir fordelt etter førstemann til mølla-prinsippet og ein melder seg på ved å kontakte Frivilligsentralen i Sveio.

Påmeldinga opnar 3. oktober, og frist for påmelding er sett til 7. oktober.

Kommunen legg til at om du ikkje har høve til å kome deg fram til staden du vil ete på eiga hand, så vil det bli lagt til rette for transport.

Powered by Labrador CMS