nyhende
Er du i manntalet? No kan du sjekka på kommunehuset
Hausten nærmar seg – og det same gjer stortingsvalet. No er manntalet for Sveio kommune lagt ut, og alle som har stemmerett i kommunen, står oppført der.
Vil du sjå om du står i manntalet? Då kan du ta turen innom Servicekontoret på kommunehuset i Sveiogata 70 mellom 08.00 og 15.30, eller ringja kommunen på 53 74 80 00. Manntalet ligg ute heilt fram til valdagen, måndag 8. september.
Flytta etter 30. juni?
Det er kvar du var folkeregistrert 30. juni som avgjer kvar du har stemmerett.
Har du flytta til Sveio etter denne datoen, høyrer du framleis til i kommunen du kom frå. Du kan likevel førehandsstemma i Sveio, men vil du røysta på sjølve valdagen, må du reisa til heimkommunen din.
Slik kan du stemma tidleg
Den vanlege førehandsstemmingen startar måndag 11. august. Dersom du ikkje har moglegheit til å stemma i denne perioden eller på sjølve valdagen, kan du stemma tidleg allereie no.
Alt du treng å gjera, er å møta opp på Servicekontoret i opningstida og ta med legitimasjon. Du treng ikkje oppgi nokon grunn for å stemma tidleg, berre kom innom når det passar for deg.
Manntalet for sametingsvalet
Sametinget sitt valmanntal er òg lagt ut på Servicekontoret, og du kan sjekka det på same måte som manntalet for stortingsvalet. Dersom du meiner det er feil i manntalet, kan du krevja retting. Kravet skal vera skriftleg og grunngitt.
Du kan òg bruke Sametinget si e-dialog-teneste som du finn på sametinget.no, eller senda brev til:
Sametinget
Postboks 3
9730 Karasjok