Equinor og Wintershall Dea går saman om karbonfangst og -lagring i Nordsjøen. – Eit solid energisamarbeid, seier Equinors konsernsjef, Anders Opedal.FOTO: NPK
Equinor og Wintershall Dea går saman om karbonfangst og -lagring
NPK-NTB: Equinor og det tyske selskapet Wintershall Dea går saman om karbonfangst og -lagring i Nordsjøen.
I ei pressemelding opplyser Equinor at det norsk-tyske CCS-prosjektet (Karbonfangst- og lagring) har som ambisjon å gi eit viktig bidrag til å redusere europeiske klimagassutslepp.
– Dette er eit solid energisamarbeid som støttar behovet til dei europeiske industriklyngjene for å avkarbonisere verksemdene sine, seier Equinors konsernsjef, Anders Opedal.
Partnarskapet skal etter planen knyte saman Tyskland, den største kjelda til CO2-utslepp i Europa, og Noreg, som har Europas største lagringspotensial for CO2.
Selskapa ønskjer å byggje ein 900 kilometer lang røyrleidning med open tilgang, som skal knyte eit oppsamlingssenter for CO2 i Nord-Tyskland saman med lagringsanlegga i Noreg før 2032.
Røyrleidningen er venta å få ein kapasitet på 20–40 millionar tonn CO2 i året, som svarer til om lag 20 prosent av alle industriutslepp i Tyskland per år.