nyhende

Aibel er blant selskapa som nyt godt av at Equinor forlenger avtalar. Her frå Aibel sitt verft i Haugesund.FOTO: Birger Hovlad/Haugesund Luftfoto/AIbel
Aibel er blant selskapa som nyt godt av at Equinor forlenger avtalar. Her frå Aibel sitt verft i Haugesund.

Equinor forlengjer avtalar for 11,5 milliardar

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Equinor forlengjer avtalar til ein verdi av 11,5 milliardar kroner innanfor vedlikehald og modifikasjonstenester for anlegg på land og offshore.

– Samarbeidet med Aibel AS, Apply AS, Aker Solutions AS og Wood Group Norway AS blir forlengd i tre år og vil halde oppe betydelege ringverknader i store delar av landet, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Avtalane vart inngått i 2016 og gjeld der Equinor er operatør eller teknisk ansvarleg. Den noverande rammeavtalen gjeld til februar 2023, og han blir altså forlengd til ut februar 2026.

– Gjennom opsjonsutøvinga kan vi byggje på anleggskompetansen til leverandørane og raskt prøve ut nye samarbeidsmodellar for å oppnå resultat, seier Mette H. Ottøy, innkjøpsdirektør.

Berre for Aibel omfattar avtalen ti offshore installasjonar og fem landanlegg, noko som utgjer ein vesentleg del av Aibels aktivitet, seier Aibel i ei pressemelding.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS