nyhende

Entusiastiske jenter på rideleir

Denne veka er 21 jenter i alderen åtte til 14 år samla til rideleir på Tjernagel Ridesenter. Dei kjem frå ulike stader i regionen og har ulike erfaringar med hestar og riding.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har vore aktiv her sidan slutten av 2020. Eg har vore her på kurs og leirar mange gonger. No har eg hestar på fôr og deltek også på stemne. Denne helga skal eg for eksempel til indre Haugalandet på stemne, fortel Linnea Eidesvik Monsen (12) frå Langevåg på Bømlo.

Hjelper nybegynnarane

Ho er dermed ein av veteranane, som også kan vera med å hjelpa dei som deltek for første gong. Nokre av nybegynnarane er litt utrygge i starten. Men det tar ikkje lang tid på hesteryggen før dei kjem over dette, observerer ho.

– Det er kjekt å ri. Dessutan møter eg mange kjekke folk her. Og Hanne (Løvland) er ein utruleg tålmodig og flink instruktør, seier bømlojenta som er innom ridesenteret dei fleste dagane i veka året gjennom.

Emma Økland (10) er også frå Bømlo. Ho er på rideleir for første gong, og synest det er veldig gøy.

– Eg har ikkje eigen hest og har ikkje sjanse til å ri andre stader enn her, seier Emma, som ikkje ser bort frå at det blir fleire turar til ridesenteret.

Har trappa ned

Den pågåande leiren er ein av tre denne sommaren.

– Tidlegare var me oppe i fem leirar kvar sommar. Så trappa med ned til fire. Dette året er første året me berre har tre leirar. To for barn, så ei veke fri og deretter ein for ungdom over 14 år, fortel Hanne Løvland.

Begge barneleirane har over 20 deltakarar. Talet er litt lågare for ungdomsleiren.

Hanne Løvland har drive ridesenteret saman med mora, Gunnbjørg Løvland, sidan slutten på 1990-talet. No har mora trappa ned, medan Hanne sine døtre Frida og Eira begge er aktivt med i drifta. Til hausten blir det også endra, då Frida dreg til ÅS for å starta på veterinærutdanning.

I tillegg til familien har dei fem unge medleiarar med på barneleirane. På ungdomsleiren er føresetnaden at deltakarane kan ri og at dei difor ikkje treng hjelpeleiarar.

– Med på å byggja relasjonar

Løvland disponerer ti hestar under leirane, åtte eigne og to innlånte.

– Det meste av tida går med til riding og stell av hestane. Men me er også ved sjøen der me badar, padlar og ror. Men me dreg ikkje ut på sjøen og fiskar, slik me gjorde tidlegare, fortel Løvland.

I tillegg til drifta av ridesenteret, med to ridekurs i veka året gjennom, er Løvland også spesialpedagog i skulen.

– Drivkrafta mi er gleda over få få dela interessa for hestar og riding med andre og sjå kva dette betyr for dei. Særleg har eg eit stort hjarte for dei som fell utanfor på ein eller annan måte og trur det me driv på med på ridesenteret kan vera med på å skapa relasjonar mellom menneske også, seier Løvland, som gjerne kunne tenkt seg at riding kom inn som ein aktivitet i skulesamanheng også.

Elles legg ho ikkje skjul på at sommarleirane er viktige for økonomien til ridesenteret.

Ønskjer fleire gutar

På eitt område skulle ho gjerne ha lukkast betre.

– Me skulle hatt med fleire gutar. Dette trur eg er første året der me ikkje har ein einaste gut blant deltakarane. Elles brukar det å vera med nokre få kvar gong. For mange år sidan hadde me ein leir der det var flest gutar. Dette er jo litt rart, for når me kjem litt opp i klassane innan sprangriding, er gutar og menn oftast i fleirtal.

Powered by Labrador CMS